Har du innspel til Rusmiddelpolitisk handlingsplan 2024 - 2028?

Kommunestyret i Stad kommune vedtok 20. juni 2024 å legge framlegg til Rusmiddelpolitisk handlingsplan 2024-2028 ut på høyring. Alle er velkomne til å gje sine innspel til framlegget innan 16. august 2024. 

No er den lokalt tilpassa rusmiddelpolitikken i Stad kommune styrt av: 

 

Alkohollova § 1-7 bokstav d stiller krav om at kommunen skal ha ein alkoholpolitisk handlingsplan. Dei aller fleste kommunar utarbeider dette som ein rusmiddelpolitisk handlingsplan, dette har også vore praksis i Stad kommune. Planen handlar om å redusere negative konsekvensar av rusmiddelbruk.

Sal og skjenking av alkohol er regulert av alkohollova og alkoholforskrifta. Denne lova med tilhøyrande forskrift, gjev kommunen mynde til å delvis regulere sal og skjenking av alkohol lokalt. Dette vert gjort ved at kommunestyret sjølv vedtek kommunale retningslinjer, lokal forskrift og løyve for sal og skjenking i kommunestyreperioden.

 

Kort om planen

Rusmiddelpolitisk handlingsplan skal dekke heile det rusfaglege området:

  • førebyggande innsats
  • løyvepolitikk
  • behov for innsats på rehabiliteringsområdet
     

Rusmiddelpolitisk handlingsplan femner også om:

  • retningslinjer for sals- og skjenkeløyve
  • eventuell endring av forskrift om sals- og skjenketider for alkoholhaldig drikk, og om opningstider for serveringsstadar i Stad kommune 

 

Status

Kommunestyret i Stad kommune vedtok 20. juni 2024 å legge framlegg til Rusmiddelpolitisk handlingsplan 2024-2028 ut på høyring - til 16. august 2024. 

Rusmiddelpolitikk 2024-2028 - kunnskapsgrunnlag (PDF, 1004 kB)

Framlegg til forskrift sals- og skjenketider (DOCX, 17 kB)

Utkast kommunale retningslinjer sal og skjenking 2024-2028 (DOCX, 31 kB)

Framlegg Rusmiddelpolitisk handlingsplan

 

Ansvar og mandat

Stad kommunestyre vedtok 07.03.2024 oppstart av arbeidet med rusmiddelpolitisk handlingsplan 24/037

Det er sett ned ei prosjektgruppe, som har utforma skisse for prosjektet. Det er ønskeleg at effekten av planarbeidet, både under prosessen og etter vedtaket, skal føre til reduksjon i individuelle og samfunnsmessige negative konsekvensar av rusmiddelbruk og bidra til ein føreseieleg alkoholløyvepolitikk i Stad kommune. Framdriftsplan for prosess er forma på denne bakgrunnen, der vedtak om høyring av framlegg til rusmiddelpolitisk handlingsplan skal gjerast i juni. Vedtak om Rusmiddelpolitisk handlingsplan 2024-2028 vert i september 2024.

 

Korleis gje innspel?

Det er gjennomført politisk arbeidsverkstad om ruspolitikk i veke 17.

Invitasjon til innspelsmøte 14. mai (PDF, 118 kB)

Når Stad kommune skal vedta planar for framtidig utvikling, har alle rett til å kome med sine meiningar undervegs i prosessen. Du kan til dømes bidra med kunnskap om behov og utfordringar, og med tankar om strategiar og tiltak som du meiner er viktig.

Har du innspel til Rusmiddelpolitisk handlingsplan 2024-2028 må du gjerne sende inn digitalt skjema:

Elektronisk innspelsskjema

Eller send e-post til: post@stad.kommune.no og merk e-posten med 24/1088.

Frist: 16. august 2024. Takk for at du bidrar med dine innspel!