Informasjon om jonsokbål og bålbrenning - kva er reglane?

David Mark fra Pixabay

Gjennom Stad kommune si lokale forskrift er det sett eit generelt forbod mot all brenning som skjer utandørs. Jonsokbål av reint trevirke er likevel tillate. Opparbeida bålplass skal ryddast etter bruk. 

Jonsokbål er ikkje søknadspliktig, men skal meldast til kommunen på e-post til post@stad.kommune.no. Merk e-posten med «melding om lovleg brenning».

All brenning av avfall er forbode. 

Tips til trygg bålbrenning: 

  • Ta omsyn til skogbrannfare og vindforhold.
  • Det er alltid den som brenner bål som har ansvaret for brannsikkerheita.
  • Det bør vere ein vaksen, edru person som er ansvarleg for bålet.
  • Bålet bør vere i god avstand frå busetnad og vegetasjon.
  • Det er ikkje lov å brenne bål på svaberg.
  • Bålet må ikkje vere større enn at du har kontroll på det og kan sløkkje ved behov.
  • Ha eigna sløkkjemiddel lett tilgjengeleg. 
  • Det er forbode å brenne plast, bygningsmateriale og anna avfall. 
  • Når du forlet bålplassen skal bålet vere heilt sløkt. 

Her er ei oversikt over lovverket og gode råd for bålbrenning i utmark.

Lurar du på kva slags brenning som er lovleg, kva som er ulovleg og kva det må søkast om? Her for du ei oversikt over gjeldande lovverk i kommunen.