Bålbrenning

Lurer du på kva reglar som gjeld for bålbrenning? Her er ei oversikt over lovverket og gode råd for bålbrenning i utmark.

Bålforbod

Mellom 15. april og 15. september er det forbode å gjere opp eld nær skog og i all anna utmark. Då er faren for å forårsake gras- og skogbrannar større enn elles i året. Det er likevel lov å gjere opp eld der det absolutt ikkje kan medføre brann.

I perioden 16. september til 14. april er faren for å forårsake gras- og skogbrannar normalt ikkje så stor. Då er det igjen lov å gjere opp turbål brukt i tradisjonelt friluftsliv.

Den som tenner bålet står ansvarleg for dei vurderingane som vert gjort. 

Sjå nasjonalforskrift om brannforebygging 

Kva skal du passe på når du brenner bål?

Ved all brenning må du vere forsiktig. Dette gjeld særleg i tørkeperiodar og periodar med sterk vind. § 3 i forskrifta seier at det er generelle krav til aktsomheit. Kvar enkelt person pliktar å vise aktsomheit ved gjennomføring av aktivitet som kan føre til brann. Det er forbode å gjere opp eld eller behandle brannfarlege gjenstander utandørs under slike forhold, eller på en slik måte, at det kan føre til brann. 

Retningsliner:

  • Sørg for god avstand til bygningar, vegetasjon og anna brennbart materiale
  • Hald bålet under oppsyn og kontroll
  • Sørg for at barn held god avstand til bålet og at dei ikkje er kledd i lettantenneleg tøy
  • Slokk alltid bålet forsvarleg med rikeleg mengder vatn. Finst det ikkje vatn på staden, må du ta med
  • Hugs at all bålbrenning skjer på eige ansvar
  • Ver svært varsom med bruk av eingangsgrill. Den er ofte grunnen til gras- og skogbrannar. Plasser aldri eingangsgrillen på brennbart underlag og slokk den heilt etter bruk

Varsling:

Som følge av endringar i 110 Vest sine sikkerheitsretningslinjer kan dei ikkje lengre ta i mot melding om bålbrenning gjennom den digitale løysinga. Det jobbast med ei erstatning for dette. Eventuell bålbrenning må skje innafor kommunens eigne retningslinjer.

Midlertidig løysing er at all bålbrenning skal varslast til vakthavande på telefon 979 90 434. 


Ha slukkemidler tilgjengelig, og kontroller at alt er slukket før stedet forlates!
Kommer bål ut av kontroll, ring 110!