Influensavaksinering

Etter nokre spesielle år under pandemien er det venta at den kommande influensasesongen kan verte hard. Vaksinasjon av risikogruppene er eit viktig tiltak for å beskytte mot alvorleg sjukdom. Her kan du lese meir om kven som får tilbodet.

Kven kan få vaksinen?

Det er dei som er i risikogruppene som får tilbod om influensavaksine gjennom legetenesta i kommunen. Sjå informasjon om dette nedanfor.

Kvar får du teke vaksinen?

Dersom du har avtalt konsultasjon med fastlegen, kan du få sett vaksinen der i samband med konsultasjon. Du treng elles ikkje bestille eigen time hos legen din berre for å få vaksinen.

Kva kostar vaksinen?

I år kostar det til saman kr 250,- for influensavaksinasjon (samla kostnad for sjølve vaksinen og gjennomføring av vaksinasjonen).  

Risikogrupper:

  • Bebuarar i omsorgsbustadar og omsorgssenter (desse vert vaksinert ved omsorgssenteret)
  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine
  • Prematurt fødde barn, særleg barn fødde før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 år
  • Barn og vaksne med:
    • kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
    • hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk)
    • diabetes type 1 og 2
    • leversvikt eller nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    • nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom (t.d. organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommar)
    • svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege

Meir informasjon om influensavaksinen

Info frå FHI om influensavaksine og risikogrupper
Info frå FHI om influensavaksine til gravide
Info frå FHI om influensavaksine til barn

Artikkelliste