Arbeidsvarsling

For arbeid på eller ved kommunale vegar krev Stad kommune at du har gyldig arbeidsvarslingsplan, og at den som arbeider der har godkjent arbeidsvarslingskurs.

Den som skal arbeide på eller ved kommunale vegar må ha gjennomført enten kurs 1 eller kurs 2, i flg. regelverk frå Statens vegvesen.

For arbeidsoppdrag der anlegga omfattar andre vegar enn kommunale vegar, som t.d. fylkesvegar, riks- og europavegar skal Statens vegvesen godkjenne arbeidsvarslingsplanane.

Kurs 1 er eit 6 timers kurs for alle som jamnleg skal utføre arbeid på veg. Gjeld tilsette hos entreprenørar og andre arbeidsggjevarar med arbeidsoppgåver som jamnleg medfører opphald på stadar der det krevst godkjend arbeidsvarslingsplan.

Dei som har bestått kurs 1 kan ha stadleg ansvar for å føre tilsyn med varsling og sikring på enkle arbeidsstadar. Det vert også krevd at arbeidsgjevar har ein ansvarshavande med kurs type 2.

Sertifiseringa er gjeld i 5 år.

Kurs 2 er eit 12 timers kurs for den som er ansvarshavande for arbeidsvarsling.
Kurset gjeld for den som skal fylle rolla som ansvarleg for utarbeiding av planer for arbeidsvarsling, samt vere hovudansvarleg for praktisk gjennomføring av arbeidsvarslingsplanen for kvart oppdrag.
Ved større veganlegg kan skiltmyndighet kreve at også stedsansvarleg har kurs type 2 i staden for berre kurs type 1.

Sertifiseringa er gjeld i 5 år.

Malar for arbeidsvarslingsskjema:

Arbeidsvarslingsskjema (XLSX, 322 kB) for arbeid på kommunale vegar i Stad kommune.

Mal for søknad om arbeidsvarsling for arbeid på fylkes-, riks- og europavegar.