Graving i kommunal veg
Før gravemelding blir sendt til kommuna må du kontakte Geomatikk for å få oversikt over straum og telekablar (kommunikasjonskablar). Tilbakemeldinga frå Geomatikk skal alltid leggast ved når du søkjer gravemelding hjå kommunen. Bruk kommunen sitt gravemeldingsskjema. Gravemeldinga sendast pr. epost til post@stad.kommune.no.
Graving i europa-, riks- og fylkesveg.
For graving i eller ved andre offentlege vegar enn kommunal veg må det også søkjast om løyve frå Statens vegvesen eller Vestland fylkeskommune.
Graving på eigen eigedom
Dersom du skal grave på eigedomen din eller på andre sitt areal må du skaffe deg oversikt over kva leidningar som ligg i grunnen. Dette gjeld vassleidningar, kloakkleidningar, straum og kommunikasjonsleidningar. For straum- og telekablar kontaktar du Geomatikk og deretter sende eiga gravemelding til kommunen. Legg ved av tilbakemeldinga frå Geomatikk til post@stad.kommune.no.
Stad kommune har innført gebyr på graveløyve – sjå Gebyr og betalingssatsar. (PDF, 737 kB)
Søk graveløyve