Pårørandeskule demens - dagens tema: Kva er demens?

Pårørandeskulen er eit tilbod til deg som har eit familiemedlem med minnesvikt eller demenssjukdom.

 

Dato
5. september 2024
Tid
17:30 - 20:30
Stad
Bryggja grendahus

Gjennom faglege forelesingar og samtalegrupper får du kunnskap om demens, og kva følgjer dette kan ha for den demente og for deg som pårørande. Du treff andre pårørande i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området. Tilbodet gjeld for pårørande i heile Stad kommune. 

4 samlingar i september med ulike tema. 

Dagens tema: Kva er demens? Ei innføring i dei ulike demenssjukdomane v/ lege Einar Sandven. 

Det blir matservering på kvart møte.

Arrangør

Stad kommune v/hukommelseteamet

Kontakt

Anne Karin Vangberg