• Hending

Inspirasjonssamling for bærprodusentar

Dato

Onsdag 11. februar 2026

Tidspunkt

kl. 18.30 - 21.00

Stad

Innvik fruktlager

Til deg som dyrkar bær eller kanskje kan tenke deg å starte med bærproduksjon:
Landbrukskontoret vil med dette invitere deg til ei inspirasjonssamling for bærprodusentar.

Her blir det innlegg frå m.a. Anita Roset (Innvik Fruktlager) og Jann Vestby (Gardsbrenneriet), tid til diskusjon og prat, og det blir kaffi og litt å bite i.

Påmelding innan fredag 6. februar:
Send e-post til Jofrid Brennsæter, jofrid.brennseter@gloppen.kommune.no, opplys òg om evt. matallergiar.

Målgruppe: Unge/nye/interesserte/potensielle bærprodusentar i kommunane Stad, Gloppen og Stryn.

Ta gjerne med deg ein nabo, ven eller støttespelar og tips gjerne andre du tenkjer dette kan vere aktuelt for!

Praktisk informasjon

Om staden

Namn

Innvik fruktlager