• Hending

Helse i kvardagen: 60+

Dato

Mandag 8. juni 2026

Tidspunkt

kl. 17.00 - 20.00

Stad

Operahuset Nordfjord

Saman løftar vi blikket mot framtida!

  • Korleis planlegg vi framtidas helsetenester
  • Korleis kan vi bu trygt heime lengst mogleg?
  • Kva gir meining og livsglede i kvardagen?
  • Og korleis kan vi støtte kvarandre i å leve gode liv?

Måndag 8. juni inviterer Stad kommune til eit ope informasjons- og kunnskapsmøte om aldring og helse. Dette er ei samling for deg som er oppteken av livskvalitet, helse og gode omsorgstilbod i eldre år.

Helse- og omsorgstenestene er i utvikling, og det skjer endringar i måten vi løyser oppgåvene på. Samstundes veit vi også meir enn før om kva som gir god livskvalitet, meistring og tryggleik i kvardagen.

Denne kvelden ønskjer vi å gje eit godt og oversiktleg bilete av korleis kommunen arbeider med framtidas helsetenester. Målet er å gi deg innsikt i kva som er under utvikling – og kva moglegheiter som finst for å leve godt og trygt heime, også når helsa endrar seg.

Tema i programmet

  • Korleis planlegg vi framtidas helsetenester i Stad kommune
  • Tilbod innan demensomsorg
  • «Bu trygt heime»
  • Ein aktiv og meiningsfull kvardag i Stad kommune
  • Panelsamtale med høve til spørsmål
     

Målet med samlinga er å gje innsikt, skape forståing, inspirasjon og rom for refleksjon. I panelsamtalen møtest fagpersonar, brukarar, pårørande, frivillige og beslutningstakarar for å dele erfaringar og lære av kvarandre.

Samlinga er delt i to delar, med pause midt i. Det blir servert kaffi og noko enkelt å bite i.

Påmelding

Arrangementet er gratis, men du må melde deg på. Det er fri plassering i salen (ingen setereservasjon). 

Det er også mogleg å reservere billett ved å ringje Stad bibliotek på telefon 918 58 980. Billetten kan du hente i billettluka når du kjem.

Har du rullestol, må du ta kontakt for bestilling og reservasjon av plass på post@operahuset.no

Transport

Treng du transport til arrangementet?
Det er sett opp gratis transport frå Leikanger og Selje.

Påmeldingsfrist for transport:
Torsdag 4. juni.

Leikanger-Nordfjordeid-Leikanger (transport om Bryggja) 
Avgang Leikanger (stoppestad Leikanger v/korsen) kl. 15.30.
Bryggja-Nordfjordeid-Bryggja
Påstigning Bryggja (stoppestad: Bryggja – v/grendahuset) ca. kl. 16.15.

Selje-Nordfjordeid-Selje (transport om Flatraket)
Avgang Selje (stoppestad: Selje – v/hamna/prestegarden) kl. 15.30.
Flatraket – Nordfjordeid-Flatraket
Påstigning Flatraket (stoppestad: Flatraket – v/skulen) ca. kl. 16.05.

Retur etter arr. kl 20.00.


Vi ønskjer alle velkomne!

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Om staden

Namn

Operahuset Nordfjord

Om arrangementet