Klart for Statens hus på Nordfjordeid

Klarsignalet for bygging av Statens hus på Nordfjordeid er veldig gode nyhende for Stad kommune og Nordfjord.

Det seier ordførar Sigurd Reksnes i Stad kommune etter at det no er klart at Statens hus på Nordfjordeid skal byggjast.

Eg meiner avgjerda om bygginga av Statens hus på Nordfjordeid syner at Staten skal vere til stades og styrke sin posisjon i Stad kommune og Nordfjord framover, seier Reksnes

Bygginga av Statens hus betyr at det vert bygd ny politistasjon for Nordfjordeid, som og blir hovudsete for politiet i Nordfjord. No får politiet nye lokale som stettar krava til tryggleik og tilgjenge for innbyggjarane. 

Skatteetaten og Nav vert dei to andre store leigetakarane i Statens hus. Det er svært gledeleg å konstatere at dei blir med, og vi ønskjer dei velkomen til nye topp moderne lokale i Stad kommune, seier Sigurd Reksnes.

I tillegg skal Stad kommune ha eigne lokale til ein distriktshub i bygget som kan brukast til fleire føremål mellom anna å tilby  ambulerande kontor for statleg og fylkeskommunal verksemd frå Statens hus med moglegheit til å «ta med jobben heim» og bu i Nordfjord. 

Bygginga av Statens hus på Nordfjordeid er eit gjennomslag for at statlege aktørar kan utvikle tenestene og fagmiljøa sine med utgangspunkt i Nordfjord. Alt treng ikkje vere samla i dei store byane, seier Reksnes

Det er veldig viktig for våre områder at vi har ein variert arbeidsmarknad slik at vi er attraktive for tilflytting. Statens hus på Nordfjordeid vil bidra til å byggje sterke kompetansemiljø innan offentleg forvaltning i Nordfjord. No kan fleire med høg utdanning og kompetanse finne gode moglegheiter i regionen vår.

Eg synest det har vore jobba godt med prosjektet både tverrpolitisk og administrativt over tid, og klarsignalet til bygging viser at Stad kommune evnar å få gjennomslag i viktige saker for kommunen og regionen. 

Det at investorar med kapital og ambisjonar blinkar seg ut Stad kommune og Nordfjordeid som ein stad å satse på, er eit viktig signal for andre som vurderer å satse i regionen. Eg vil rette ei stor takk til alle som har delteke i konkurransen om å bygge Statens Hus. Eg vil også takke etatane som skal inn i bygget for godt samarbeid med Stad kommune og Statsbygg.

Det er også veldig positivt at det no vert sett i gang eit større byggearbeid i Nordfjordeid. Stad kommune vil jobbe aktivt for å få til fleire store etableringar i kommunen vår framover, avsluttar Reksnes

Pressemelding Statsbygg