Sei di meining om kommuneplanen sin samfunnsdel

Samfunnsdelen er kommunen sitt strategiske verktøy for heilskapleg planlegging. Planen peikar ut dei langsiktige utfordringane, måla og strategiane for både heile kommunesamfunnet og kommunen som organisasjon. Samfunnsdelen gir også føringar for korleis kommunen sine mål og strategiar skal gjennomførast i verksemda, og ligg til grunn for planane i dei ulike kommunalområda.

Stad formannskap gjorde følgande vedtak i møte 5. mars 2026 (sak 26/022) 

Forslag til kommuneplanen sin samfunnsdel for Stad kommune 2026 – 2038 blir lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova § 11-14, med høyringsperiode frå 9. mars til 28. april 2026 med følgjande tillegg:

Følgande arealstrategiar skal leggast til planen, og administrasjonen får mynde til å gjere redaksjonelle endringar og legge til beskriving:

  • Legge til rette for berekraftig verdiskapning og naturvenlege næringar i tilknyting til friluftsressursar, hav, jord- og skogbruk i randsonene til verneområda.
  • Legge til rette for spreidd bustad-, fritids- og næringsutbygging i grendene våre, utanfor senterstrukturen for å nå kommunen sine målettingar om ein desentralisert struktur med levedyktige lokalsamfunn.
  • Sikre heilskapleg masseforvaltning av overskotsmassar frå infrastrukturprosjekt i samarbeid med ulike forvaltningsnivå, med mål om mest mogleg gjenbruk av massane.

Før den vert lagt ut på høyring skal følgande endring inn i kart/tekst:

  • Nordfjordeid er kommune- og administrasjonssenter
  • Alle lokasjonar med status lokalt knutepunkt endrast til lokalt senter

 

Revisjonen omfattar i hovudsak ei oppdatering av utfordringsbiletet, endringar i målstrukturen og tydlegare forankring av satsingsområda. Arealstrategiane er  revidert, det er også kommunen sin senterstruktur, der KS-sak 23/162; Innbyggjarforslag om å endre Bryggja frå «lokalt knutepunkt» til «lokalsenter», er vurdert og lagt til grunn i revisjonen. Planen er tilpassa Stad kommune sitt overordna styringssystem, Framsikt. Dette gjeld både satsingsområde, målstruktur og koplinga mot økonomiplanen og handlingsdelen. 


 

Sjå video om samfunnsdelen si rolle! 

  • Om samfunnsdelen

  • Slik les du planen

Innspel til planen

Samfunnsdelen er ein overordna og strategisk plan som peikar ut retning og prioriteringar for utviklinga av kommunen. Planen tek ikkje stilling til konkrete enkelttiltak eller detaljar, men skal gi eit felles grunnlag for vidare planlegging og prioriteringar.

Refleksjonsspørsmål:

  • Gir samfunnsdelen ei tydeleg og riktig retning for utviklinga av kommunen i åra framover? Gir planen eit godt grunnlag for vidare arbeid og prioriteringar i kommunen?
  • Er det viktige utfordringar eller moglegheiter for kommunen som ikkje er godt nok omtala i planen?
  • Er det tema som bør utdjupast for å gjere planen meir relevant som styringsverktøy?
  • Har du andre innspel eller perspektiv som kan bidra til å styrke samfunnsdelen som strategisk styringsdokument?
  • Er måla og satsingsområda i planen relevante, eller er det tema som burde fått større eller mindre vekt?

Gje innspel!

Nb! Grunna omlegging til ny skjemaløysing i vårt digitale system, er det førebels ikkje mogleg å gje innspel til denne høyringa via vår innspelsmodul. Ny skjemaløysing vil vere på plass om kort tid! 
Inntil vidare - send innspel slik:

Sikker digital post:

Send sikker digital post til Stad kommune https://min.kommune.no/s/921060157

E-post:

post@stad.kommune.no

Post / Postadresse:

Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid

Merk innspelet med saksnummer 26/6334

Kontaktinfo:

Har de spørsmål til planarbeidet kan de kontakte Stad kommune på telefon +47 57 88 58 00

Telefontid

Måndag–fredag kl. 09.00–15.00