Detaljregulering for Lillejordvegen på Flatraket - kunngjering av vedtakStad kommunestyre vedtok i møte 15.12.2023 sak 23/184 detaljregulering for Lillejordvegen på Flatraket.KS – 23/184 Vedtak:Med heimel i plan- og bygningslova § 12-12 vert detaljreguleringsplan for gbnr. 289/49, 71 Lillejordvegen på Flatraket, planID 2021002, vedteken.Den vedtekne reguleringsplanen er straks bindande for framtidig arealbruk i området.SaksdokumentPlandokumenta er tilgjengelege her:Detaljregulering for Lillejordvegen på Flatraket - arealplaner.noHer finn du vedtaket og saksutgreiinga.Dersom de ønsker utskrift av ett eller fleire av dokumenta, kan de kontakte Stad kommune på tlf. 578 85 800.Eventuell klage Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast, jf. forvaltningslova kapittel VI. Ei eventuell klage må merkast med sak «21/632», og sendast skriftleg per e-post til post@stad.kommune.no eller per post til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.Fristen for å klage er tre veker frå det tidspunktet melding om vedtaket er kome fram til vedkomande part, jf. forvaltningslova § 29. Etter at klagefristen er ute vil vi orientere forslagsstillaren, partar som saka får direkte konsekvensar for, og regionale myndigheiter om eventuelle innkomne klager på vedtaket. Publisert 19.12.2023 10.32 Sist endra 22.12.2023 11.08