Har du innspel til kommunedelplan for oppvekst?

Har du innspel til kommunedelplan for oppvekst?

Formannskapet i Stad kommune vedtok 20. oktober 2022 å legge ut forslag til kommunedelplan for oppvekst til offentleg ettersyn. Frist for å gje innspel er 10. desember 2022. 

Forslag til ny kommunedelplan

Planen vert no lagt ut til offentleg ettersyn for å sikre at innbyggjarar, frivillige lag og organisasjonar, næringsliv og andre interessentar får høve til å uttale seg før endeleg vedtak. Alle er velkomne til å gje sine innspel til planforslaget. Om du har synspunkt på satsingane og prioriteringane i planforslaget, kan du innan 10. desember 2022 kome med innspel.

Forslag kommunedelplan for oppvekst 2023-2035 (PDF, 776 kB)

Kunnskapsgrunnlag - Kommunedelplan for oppvekst 2023-2035 (PDF, 4 MB)

Utfyllande informasjon med tilhøyrande bakgrunnsdokument er å finne i den politiske saka, F-sak 22/110

Kva ønskjer vi innspel på?

Vi ønskjer tilbakemeldingar på både innhald og prioriteringar.

Formålet med offentleg ettersyn av forslag til planprogram er å hente inn synspunkt på planforslaget før endeleg vedtak av plan i kommunestyret.

Vi set pris på at du les planforslaget og kunnskapsgrunnlaget og nyttar det som grunnlag for å kome med innspel.

Korleis gje innspel?

Du kan gje skriftleg innspel til planforslaget via

Elektronisk innspelsskjema

  • E-post: Merk med innspel til forslag til kommunedelplan for oppvekst, send til post@stad.kommune.no
  • Brev: Merk med innspel til forslag til kommunedelplan for oppvekst, send til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

Takk for at du bidrar med dine innspel.

 

Vidare behandling

Når fristen er ute, vil innkomne uttaler bli samanfatta og vurdert før planen vert lagt fram for endeleg behandling på nyåret.