VELKOMEN til ny kommune og ny nettside!

Personvernombod

Personvernombod

Det er strenge internasjonale reglar om korleis vi som kommune skal lagre, vedlikehalde og slette personopplysingar. Om du ber om det, kan du få innsyn i personopplysningar kommunen har registrert om deg, og du kan be om at opplysningar som er feil vert retta opp. 

Det er oppretta felles personvernombod for Nordfjord. Personvernombodet jobbar for at personvernet til dei tilsette og innbyggarane i Stad kommune vert behandla i tråd med regelverket og god praksis.

Personvernombodet skal blant anna bidra til at Stad kommune:

  • Informerer om kva personopplysningar som vert samla inn og kvifor

  • Held oversikt over opplysningane som vert behandla

  • Gjev innsyn til den opplysningane gjeld

  • Kontrollerer tilgangen til opplysningane

  • Ber om samtykke frå dei som det vert henta opplysningar frå, før opplysningane vert behandla

  • Beskytter informasjonen slik at den ikkje kjem på avvege

  • Vurderer risiko for tryggleiksbrot og konsekvensar av desse

  • Slettar personopplysningar når det ikkje lenger er behov for dei

Eit personvernombod er ein ressursperson som styrker kunnskapen og kompetansen om personvern. Personvernombodet rettleiar Stad kommune slik at personopplysninger blir behandla på ein god måte, og i tråd med regelverket.

Personvernombodet arbeider med personvernspørsmål, for eksempel internkontroll og informasjonssikkerheit. Konkret betyr dette handtering av spørsmål om alt frå innsyn, retting og sletting til avviksmeldingar og personopplysningar på avveger.

Personvernombodet har teieplikt og fungerer i ein uavhengig rolle i kommunen.