Budsjetthandsaming haust 2024

Kommunestyret skal innan utgangen av kvart år vedta ein økonomiplan og eit årsbudsjett. 

Økonomiplanen skal gje ein realistisk oversikt over sannsynlege inntekter, forventa utgifter og prioriterte oppgåver i ein økonomiplanperioden på fire år, medan årsbudsjettet utgjer første året av økonomiplanen.

I Stad kommune starta prosessen med økonomiplan for perioden 2025 - 2028 og budsjett for 2025 med ei politisk sak i Stad kommunestyre 20. juni 2024, sak KS-24/091. I denne saka har kommunestyret lagt ein overordna plan for arbeidet med økonomiplanen og årsbudsjettet fram til endelig vedtak 13. desember 2024.  Tidsplanen blir presentert på denne sida her. I same sak har kommunestyret sagt kva slags føresetnadar som skal ligge til grunn for økonomiplan- og budsjettarbeidet.

Sida vil bli oppdatert gjennom budsjettarbeidet, og her vil ein finne lenkjer til budsjettsakene i finansutval, formannskap og kommunestyre. Det vil også bli lagt ut ei oversikt over dei politiske sakene som har relevans for budsjettarbeidet. 

Her vil du også finne kunnskapsgrunnlag, både skriftlege og digitale, som kan bidra til å synleggjere kommunen sine utfordringar og handlingsrom i komande økonomiplanperiode. 

7. nov. - Kom. direktøren sitt framlegg til budsjett og økonomiplan 2025-2028

 

Her kan du lese kommunedirektøren 
sitt framlegg til budsjett 
og økonomiplan 2025-2028. 
Saka vert politisk handsama i råd, utval og formannskap i veke 48, og vert endeleg vedteken i kommunestyremøte 13. desember.

Pengesedler brettet til hjerte - Klikk for stort bilete

Prosess og saksdok. for budsjett og økonomiplan