Stad kommune sitt konsekvensjusterte budsjett for 2025 viste ein ubalanse på kr 105,9 mill.
Kommunestyret tok i møte 24. oktober 2024 ubalansen til vitande, og bad kommunedirektøren kome med endringstiltak som, så langt det lot seg gjere, reduserer underskotet i økonomiplanen 2025-2028 til formannskapet sitt møte den 14. november.
1. november 2024 la Regjeringa fram den varsla auken i rammetilskotet for kommunane. For Stad kommune utgjorde dette om lag 7,4 mill. Beløpa er vidareført i åra 2026-2028.
Kommunedirektøren i Stad har i dag (07.11.24) sendt ut sitt framlegg til budsjett 2025 og handlingsprogram 2025 – 2028 til formannskapet. I framlegg til budsjett 2025 er det i planperioden lagt inn innsparingar i kommunalområda på kr 15,3 mill. Dette ligg innanfor det som ein forventar å vere realistiske tiltak, dvs. tiltak der ein forventar å oppnå innsparingar tilsvarande beløpet som er sett opp.
Rest ubalanse i budsjett 2025 er no på kr 83,1 mill. som er føreslege dekt ved bruk av disposisjonsfond.
Kommunen har disposisjonsfond til å dekke heile meirforbruket i 2025 og om lag halve i 2026. Resten blir ståande som udekt og gir ein økonomiplan i ubalanse. Disposisjonsfonda inkl. rente- og avkastningsfondet blir såleis brukt opp i 2026.
Kommunedirektøren har i dag ikkje svar på korleis ein skal oppnå vidare innsparingar utan at det blir gjennomført større endringar i måten vi organiserer og leverer vår tenesteyting.
Kommunedirektøren har med dette lagt fram ein økonomiplan i ubalanse, noko som er i strid med kommunelova og som ved vedtak vil medføre at Stad kommune er å rekne som ROBEK-kommune frå 1. januar 2025.
Sjå politisk sak og kommunedirektøren sin gjennomgang av hovudtrekka i budsjett og økonomiplan her: