Kvifor må vi gjere omstillingarPå denne sida kan du lese meir utfordringane kommunen står i og kvifor må vi gjere omstillingar.Kva er utfordringane?Stad kommune har vedteke ein plan for økonomi og utvikling for 2025–2028. Planen viser at vi dei neste åra vil bruke meir pengar enn vi har inntekter. For å dekke opp mangelen, vil vi bruke oppsparte midlar fram til midten av 2026. Etter det vil kommunen ikkje ha ressursar til å halde fram som før.Vi blir også fleire eldre og færre barn og unge. Dette er utfordringar vi ikkje er aleine om. Alle norske kommunar, og særleg distriktskommunar har dei same utfordringane. Når alderen på befolkninga endrar seg får vi eit omstillingsbehov. Vi må bygge ut tenester som innbyggjarane har stort behov for framover (omsorgstenester), og redusere tenester som innbyggjarane har mindre behov for (barnehage og skule).Kvifor må vi gjere omstillingar?For å møte den økonomiske utfordringa, har kommunestyret vedteke å starte eit omstillingsprogram. Målet er å få økonomien i balanse og samtidig sikre gode tenester til innbyggjarane, ein sunn økonomi og eit berekraftig lokalsamfunn.KS konsulent har utarbeidd ein demografimodell som anslår årlege endringar i kommunen sine utgiftsbehov per tenesteområde som følgje av befolkningsendringar.auka utgiftsbehov helse- og omsorg kroner redusert utgiftsbehov grunnskule kroner redusert utgiftsbehov barnehage kroner Publisert 21.01.2025 12.37 Sist endra 25.02.2025 15.09