Arbeidsøkt 1 - forventningar:
Under den fyrste økta vart rådsmedlemmane fordelt i fire ulike grupper som skulle diskutere kva eit aldersvenleg Nordfjord er for dei. Den fyrste arbeidsøkta var i hovudsak ein diskusjonsøkt på der ein av gruppemedlemmane noterte ned det gruppa ble einige om at var viktigast.
- Møte og aktivitetsplass i eit grøntområde
- Tilrettelagt transport til og i sentrum
- Formelle og uformelle møteplassar
- Opplyste og tilrettelagte gangstiar som er tidleg skilta
- Bustadformer
- Lett tilgang på toalett
- Tilbod om sosiale møteplassar ute og inne, på tvers av alder, spontant, tilfeldig og planlagt
- Tilgjengeleg - skilting, framkomeleg for alle, nærleik til sjø og friområde
- Tilgjengeleg for alle
- Kompakt og fotgjenger-vennleg sentrum
- Fleire møterom/møteplassar for frivilligheita
- Betre kollektivtilbod - utvida tilbod til og frå sentrum
- Trygge trafikale tilhøve ved å fjerne hindringar, som salgsbukkar som står på gangfelt/ i gågate
- Få skjerma møteplassar med overbygg i Eidsgata/Malakoff, med for eksempel utendørs treningsarena/treningsapparat
Arbeidsøkt 2 og 3 - Kva manglar og prioriteringar
Under arbeidsøkt 2 arbeidde dei ulike gruppene med å kartleggje tiltak dei meiner er nødvendige for at Nordfjordeid skal vere aldersvenleg. Desse tiltaka blei deretter, i arbeidsøkt 3, plassert i en graf med aksane kostnad og tidsbruk.
Som ein del av arbeidet med å kome opp med tiltak, fekk gruppene i oppgåve å finne eit tiltak som ikkje var særleg kostbart og som kan gjennomførast i løpet av adventstida. Dette tiltaket er nummerert med "1" og markert med eit hjarte.
I oversikta under kan ein sjå innspela dei ulike gruppene kom med, og kor gruppene sjølve plasserte disse i ein tabell med aksane kostnad og tidsbruk.
- Julemarknad. Kopling julemat og opphav. Fortetting og læring, mange koplingar å arbeide ut i frå. Sau, gris, parteringsplakat, julemat
- Aktivitetar for ulike alder i lag på Hamna
- Skilting som gjer det mogleg å orientere seg om du er kjent/ukjent
- Sentrumsmarknad med salsboder og aktiviteter – Faste pop-up stader t.d. alternativ bru av parkering når ting skjer.
- Bufellesskap og leiligheitskompleks med plass for ulike aldersgrupper og funksjonsnivå
- Kulturell skulesekk + spaserstokk i samspel
- Stille små dyr opp for folk – sauer, geiter, kaninar, hundar – bondelaget/dyrebutikk
- Guide til kulturvandring, naturrunde for barn og eldre vaksne
- Aktivitetar for barn med sitteplass for eldre
- Tilrettelagt og brukarvennleg, tilfeldig/uformell møteplass
- Fysiske møteplassar med benkar – 200m mellom nokon skjema m/bosspann i nærleiken
- Benkar langs strandpromenade + plassar for «utespel» som sjakk, boccia, forballspel
- Ringbuss i sentrum – sentrale punkt
- Parkering i randsone
- Tilpass bustad for eldre, for aktivitet og sosialt liv
- Differensierte bustader, unge einslege i sentrum
- Gågate i Eidsgata + Turløype – arrangement (Generasjonsleikane?) med folkehelsefokus for fleire generasjonar. Frå Sjøgata til Kiwi/Skaffarmarka
- Turløype frå sentrum til Lunden/Skaffarmarka – skilting
- Eidsgata: Gågate heile året
- Aktivitet i grøntområda/parkane – Maurstadparken, Kyrkjeparken, Lunden, Malakoff – plassen, Almenningen
- Tryggare krysning og gangveger på Skaffarmarka/skuleområdet
- Strandpromenade frå cruisekaia til Sagaparken
- Badestrand Osvika: stupebrett, universell utforming, sanitæranlegg, aktivitetar for alle
- Tribuner ved alle idrettsarenaene med like løysingar på benkar
- Nærmiljø og bustad. Gangveg krysning Fossevegen/Holten. Gangfeltet i Fossevegen mot Kilura
- Eidsgata 9 – Tilretteleggje for ein aktivitetsarena
- «Koordinere» arbeidsoppgåvene i lag med frivilligsentralen og fordele tilpassa oppgåver
- Sosialt liv: Alle punkt 4 i kartet må det plasserast benkar/overbygde benkar
- Parkgruppe for enkelt arbeid på Nordfjordeid. Enkel bygging av tribuner/benker ved idrettsparken/ungdomsskule
- Frivillig aktivitet – inkluder pensjonistar i lag med frivilligsentralen for å halde bygda rein og pen.
- Kartleggje eksisterande benkar – kor mange har vi, kvar står benkane
- Maurstadparken – støyskjerming
- Benkar
- Ein liten scene for grupper/enkeltpersonar som ønsker å opptre
- Flytt statuen av fjordhesten til Øyane
- Flytte helikopterplassen
- Turistinformasjonen – tilgjengeleg for rullestolbrukarar/rullatorar
- Ladepunkt for telefon, nettbrett og airpods
- Gangveier som er tilrettelagt for rullestolbrukarar – skiltet og opplyst
- Park/grøntområde
- Flytt oppstillingsplassen for busser ut av sentrum