Møte 12. desember - Næringslivets utval for eit berekraftig Nordfjordeid

Innleiingsvis vart det haldt eit innlegg frå Kristine Dahl om utvalets si oppgåve. Oppgåveutvalet skal levere eit diskusjonsnotat som summerer opp utvalet sine diskusjonar omkring temaet

«Næringslivets betyding i eit levande og berekraftig Nordfjordeid».

Oppgåveutvalet vart sett saman av medlemmar med ulik kompetanse, erfaring og interesse for strategisk arbeid, næringsutvikling og berekraftig sentrumsutvikling. Aktuelle problemstillingar/plantema som oppgåveutvalet kan drøfte er: 

  • Nordfjordeid sin identitet og posisjon (næring/handel/kultur/reiseliv)
  • Rammevilkår for vekst og utvikling i og rundt Nordfjordeid
  • Arealbehov og potensiale for vekst innanfor verksemder med høg urbaniseringsgrad, detaljhandel, randsoneverksemder og arealkrevjande verksemd. 
  • Moglegheiter og barrierar for fortetting og transformasjon av sentrumsområdet (i eit økonomisk perspektiv)
  • Mobilitet (t.d. parkering, transport- og utviklingsakar, vegnett)
  • Grøn omstilling og smart spesialisering
  • Behov for strategi for eigedomsutvikling og samarbeidsforum mellom kommune og næringsliv

Arbeidsform og tidsplan

Det vert lagt opp til ein mest mogleg effektiv og styrt prosess med inntil 4 arbeidsmøte for utvalet. Administrasjonen i Stad kommune skal hjelpe utvalet med ulike oppgåver gjennom heile prosjektet:

  • Levere nødvendig kunnskapsgrunnlag (rapportar/fagnotat/utgreiingar)
  • Fasilitere møte i samråd med utvalsleiar
  • Møteinnkalling, dagsorden, organisere møtelokale m.m.
  • Legge til rette for informasjon og kommunikasjon (heimeside/Facebook/annonse m.m.)

Prosjektet blir elles gjennomført i samarbeid med eksterne leverandørar med særleg kunnskap og erfaring med strategisk planlegging og design av offentlege utviklingsprosjekt.

 

Agenda for møte 

09.00: Velkomen (Forventningar, kunnskap og refleksjon)

10.15: Feltarbeid

11.30: Lunsj

12.00: Lage presentasjon

12.30: Presentasjon

13.00: Førebuing neste møte

14.00: Slutt

Gjennomføring

Innleiingsvis blei utvalsmedlemmane utfordra til å notere ned deira største forventning til arbeidet dei skal utføre. Forventningane kan du sjå her: 

 

 

Heile arbeidsprosessen vil bli dokumentert og gjort tilgjengeleg gjennom ei kartfortelling (Storymap). Kartfortellinga inneheld informasjon om framveksten til tettstaden Nordfjordeid og gir ei oversikt over dei kunnskapsgrunnlaga som er utarbeidd over tid, knytt til sentrumsutvikling og arealbruk. Kartfortellinga er ei levande side, som blir oppdatert undervegs i heile planprosessen. Under det ein i agendaen har referert til som kunnskap vart denne kartfortellinga gjennomgått av Kristine Dahl. Deretter fekk utvalet i oppgåve å reflektere rundt arbeidet som skal leggjast ned. Refleksjonane kan du sjå her: 

 

 

Vidare blei det arrangert eit feltarbeid. Utvalsmedlemmane blei delt inn i fem grupper kor dei fekk i oppgåve å ta bildar og notat om gode og dårlege løysingar dei såg når dei var ute på synfaring. Deretter skulle gruppa lage ein presentasjon kor dei viste resten av utvalet kva gode og dårlege løysingar dei har kartlagt under feltarbeidet, og potensielle moglegheiter utvalet kan arbeidde med. Sjå presentasjonane her: 

 

 

Avslutningsvis hadde Arne Kringlen (Norconsult) eit framlegg om neste møtes tema: 

Posisjon og komparative fortrinn

Utvalsmedlemmene fekk i oppgåve å tenke over følgande fram til neste møte: 

  • Kva er Nordfjordeid kjent som? Kva vil Nordfjordeid vere kjent for? Kva er Nordfjordeid sine komparative fortrinn innanfor dei ulike næringsgruppene og i religionen? (Tilbod/vertskap/uterom/næringsareal, etc)
  • Kva er mogleg å få til, sett i lys av tida vi er i og tida som vil kome? (krig, demografi, trendar)
  • Kva seier dei nasjonale forventningane til planlegging og omstilling? Krav vil vi møte? Klimatilpassing og omstilling. Små fotavtrykk, ivaretaking av grøn- og blå stryktur, osv.