Møte 19. januar - Næringslivets utval for eit berekraftig Nordfjordeid

Kvar står vi - kvar skal vi - kvifor skal vi dit?

Det er fleire ulike behov og løysingar ein må ta omsyn til i arbeidet med ein ny strategisk plan for Nordfjordeid sentrum. Det inkluderer nasjonale og internasjonale forpliktingar.

Tema for møte 19. januar: 

  • Utvalet skal arbeide med forankring. Det vil seie korleis vi kommuniserer og testar om folk stiller seg bak posisjonen.  
  • Utvalet skal arbeide med gjennomføring. Det vil seie korleis vi utløyser utviklingskrafta i lokalsamfunnet? (kommunen løyser ikkje dette åleine)
  • Kva må gjerast først?

Møteplan

09.00 Velkomen og presentasjon av råda for Nordfjordeid

09.30 Fagleg input frå fylkeskommunen

10.15 Første økt - "Har vi laga gode råd?"

10.30 Andre økt - Forankring 

11.30 Lunsj

12.00 Tredje økt - Gjennomføring

13.00 Fjerde økt - Prioritering

Fagleg input

Under kan du sjå presentasjonane som vart held av administrasjonen og fylkeskommunen:

Spørsmål som vart stilt etter presentasjonen til Barbara frå Fylkeskommunen: 

"Har vi laga gode råd?"

Utvalet konkluderte med at det er ønskeleg å nytte eit anna ord enn råd. Det kom innspel på at ein ønskjer å nytte eit omgrep med meir "hold i". Utvalet blei oppfordra til å kome med forslag. Her vart og administrasjonen utfordra til å tenke alternativt og nytt. 

Det vart semje om at ein ønskjer å involvere fleire i prosessen med dei såkalla "råda". Her vil ein inkludere ungdommen meir, og utvalet ønskjer å gå ut i sine omgangskretsar ol. for å skaffe meir input. 

Når posisjonen vart diskutert ønsket utvalet meir tid til å diskutere og kartlegge korleis retning ein ønskjer å bevege seg vidare i. Kva moglegheiter har ein? 

Det vart semje om at ein ønskjer ein retning som vil gjere Nordfjordeid til ein populær stad i tida som kjem. Ein tettstad med tilflytting av nyutdanna unge. 

Vi må bruke det vi har og skape nye ting saman

Forankring

Kvifor lykkast enkelte kommunar? (utvalet ga ein score frå 1-5)

  1. Ein offensiv og optimistisk utviklingskultur - 3,2
  2. Kort veg mellom idear og slutning - 2,8
  3. Lokale eldsjeler og entreprenørar har stort spelerom - 3,5
  4. Grip dei moglegheita som byr seg - 3

Overordna lovverk er svært styrande. Kompetanse i kommunen til ulike arbeidsoppgåver er viktig for at ein skal få høg score. Planavdelinga er ein viktig faktor for å få framdrift i ideane som kjem på bordet. 

I Nordfjordeid er det kortare veg frå ide til slutning i forhald til det slutningsnivået en har andre stader. 

Kva skal ein gjere for å få fylket med som ein aktiv bidra i prosessar? Det er viktig å knytte fylket og nasjonale organ på store prosessar. Korleis kommuniserer vi ?

Vil vi vere tilgjengeleg for den type næring i framtida, eller vil vi ikkje det? Det er ikkje opp til oss å definere kor vi ønskjer det, men vi må ta den diskusjonen.

Skulekorridoren, utdanning vil man alltid trenge. I sånne prosesser som det her er det utroleg viktig at alle aktørar ser synergiar og ikkje utfordringar. Det er avgjerande at en gjer ei god jobb på arealbruk og det vi nå sitter og diskuterer i utvalet. Snu ting til en positiv tanke – kva blir synergien av et slikt arbeid?

Høgskuleutdanning er viktig.

Skal Nordfjordeid vere eit regionalt senter må det vere plass for aktørar som ønskjer å etablere seg sentrumsnært.

Viktig at en ikkje tenker at man skal finne opp kruttet på nytt. Kva er Nordfjordeid sine komparative fortrinn? I forhold til det som går på næring er det fleire ting som gjer at Nordfjordeid utviklar seg. Alt med kultur, fjord, osv. Utdanning, kultur, osv. Man må ikkje berre tenke nytt, men vidareutvikle det man alt er god på.

Gjennomføring

Gje ein retning - føring for det en gjer

Prioritering 

Gruppene vart oppfordra til å prioritere kva en ønskjer å arbeide med. Realitetsorientering i forhold til at ein sjeldan får gjennomført alt ein ynskjer.

Heimelekse

I forkant av møtet vart det sendt ut fire spørsmål til utvalet som ein heimelekse. 

Her kan du sjå kva innspel utvalet sendte inn: