Slik kan du påverke politikken i StadStad kommune ønskjer engasjerte innbyggjarar og vi inviterer til dialog. Vi har opne møter og du kan kome med skriftleg innspel til planar. Her kan du sjå og gje innspel til høyringar. Kontakt ein politikar Har du ein god idé om korleis vi kan utvikle Stad kommune vil vi gjerne høyre frå deg. Ta kontakt med kommunestyret - send e-post til en representant. Ta kontakt med eit utval Du kan også kontakte medlemer i dei ulike utvala våre. Samarbeid gjerne med eit av disse om du har politiske saker som du ønskjer å utfordre kommunestyret på. Besøk eit gruppemøte Dei politiske partia har gruppemøte der dei førebur politiske saker som skal handsamast. Alle partia tek imot engasjerte innbyggjarar som ønskjer å gje kort informasjon om eit tiltak. Gruppeleiarar Sp: Paul Jacob Helgesen Ap: Jan Vidar Smenes V: Helle Frogner H: Geir Årvik Krf: Ronald Dalsbø Frp: Anfinn Sjåstad SV: Bent-Inge Borgund Publisert 20.06.2022 13.30 Sist endra 09.09.2022 11.24