Du har røysterett dersom du oppfyll desse vilkåra:
- Norsk statsborgar
- Har fylt 18 år innan utgangen av 2025
- Er, eller har vore registrert i folkeregisteret som busett i Norge
Tilsette i diplomatiet eller konsulatstellet og husstanden deira har røysterett sjølv om dei ikkje oppfyller busetjingskriteriet.
Kva er manntalet?
Manntalet er ei oversikt over alle som har røysterett i kommunen. Du blir automatisk registrert i manntalet i den kommunen du er folkeregistret som busatt i den 30. juni 2025. Denne datoen blir kalla for skjeringsdatoen.
Dersom du har flytta, og ønsker røysterett i den nye kommunen, må du derfor melde flytting til folkeregisteret innan 30. juni.
Flyttar du etter 30. juni, har du røysterett i kommunen du flyttar frå.
Slik sjekkar du om du står i manntalet
Manntalet vert lagt ut til ettersyn på Stad kommunehus frå midten av juli 2025. Dersom du meiner å ha rett til å stå i manntalet, men ikkje er ført inn der, kan du søkje om å bli ført inn. Søknaden skal sendast skriftleg til Valstyret i Stad kommune. Kommunen kan oppdatere manntalet heilt fram til valdagen.
Er du ny statsborgar?
Som ny statsborgar med røysterett blir du ført inn i manntalet i kommunen du er folkeregistrert som busett i.
Dette gjeld også dersom du har blitt ny statsborgar etter skjeringsdatoen 30. juni.
Bur du i utlandet?
Er du busett i utlandet, men har vore folkeregistrert som busatt i Norge, skal du førast inn i manntallet i den norske kommunen du sist var registrert som busett i:
- Har du vore busett i Norge i løpet av dei siste 10 åra, blir du automatisk ført inn i manntallet i kommunen der du sist var registrert som busett då du flytta frå Norge.
- Har du budd meir enn 10 år i utlandet blir du ført inn i manntallet i den kommunen du sist var registrert som busett i når du røyster.
Tilsette i diplomatiet eller konsulatstellet og husstanden deira, som aldri har vert registrert busett i Norge, blir ført inn i manntalet i Oslo kommune.