Røysting heime

Stad kommune tilbyr heimerøysting for personar som på grunn av sjukdom eller uførheit ikkje kan møte opp i eit ordinært vallokale. 

Du må søke kommunen om å få røyste heime eller der du er. Det er tilstrekkeleg å ta kontakt, og ikkje nødvendig med skriftleg søknad.

Når du tek kontakt med kommunen må du oppgi årsaka til at du ønsker å røyste heime. Det er ikkje eit krav om dokumentasjon.

Det vert lagt til rette for ambulerande røysting heime i førehandsrøysteperioden 11.08.2025 – 05.09.2025. 

Frist for å be om dette er 04.09.2025 kl. 12.00.

  • Ring Stad kommune på: 57 88 58 00 eller 
  • Send e-post til: post@stad.kommune.no

Korleis blir røystinga heime gjennomført?

Når du skal gje røysta di heime forklarar valmedarbeideren korleis dette foregår og kan besvare eventuelle spørsmål du har.

Å røyste heime foregår nesten på same måte som i eit vallokale:

  • Valmedarbeidarane har med seg nødvendig utstyr, inkludert eit røysteseddelsett med røystesedlar for alle parti og gruppe som stiller til val. Dei har også med blanke røystesedlar.
  • Du vel røysteseddelen du vil bruke og brettar den slik at feltet for stempling vender ut. Då kan ingen sjå kva du stemmer.
  • Valmedarbeidaren sjekkar legitimasjon, og stemplar stemmeseddelen.
  • Du slepp røysteseddelen ned i urna, og har gjeve di røyst. Valet er hemmeleg, og du beheld sjølv røystesedlane du ikkje har brukt.

Behov for assistanse og hjelp

Valmedarbeidarane kan forklare deg rutina for røystinga og bistå med den assistansen du måtte ha behov for.

Dersom du treng assistanse til å gjennomføre sjølve røystinga, kan valmedarbeideren eller ein person du sjølv vel hjelpe deg med dette.

Både valmedarbeidar og sjølvvald hjelpar har taushetsplikt dersom dei skulle få innsikt i kva du røystar.