Tidleg- og førehandsrøysting

Du kan tidlegrøyste frå 1. juli til 8. august. Førehandsrøysting skjer frå 11. august til 5. september. 

Tidlegrøysting

Dersom du ikkje har moglegheit til å røyste i den ordinære perioden for førehandsrøysting eller på valdagen, kan du tidlegrøyste i perioden 01.07 - 08.08. 

I Stad kommune kan du tidlegrøyste på Stad rådhus måndag-fredag kl. 09.00 - 15.00.

Førehandsrøysting

Du kan førehandsrøyste på Stad rådhus, på innbyggjartorget på kommunehuset i Selje eller i kva kommune i landet du ønskjer - uavhengig av kva kommune du står i manntallet.

Opningstid på Stad rådhus og kommunehuset i Selje er kl. 09.00 - 15.00. 

Ta med gyldig legitimasjon (pass, nasjonalt ID-kort, førarkort, bankkort med bilde).

Det er ikkje mogleg å angre og førehandsrøyste på nytt, heller ikkje på valdagen.