Vallokale og opningstider valdagenPå valdagen må du røyste i kommunen du er folkeregistrert busett i per 30. juni 2025.Du kan røyste på følgjande stadar i Stad kommune på valdagen måndag 8. september 2025: Vallokale og opningstider på valdagen Krins Stad Opningstid Refsnes Stad bygdehus kl. 14.00-18.00 Flatraket Flatraket skule kl. 14.00-18.00 Selje Selje skule kl. 12.00-18.00 Stadlandet Stadlandet skule kl. 12.00-18.00 Bryggja Bryggja grendehus kl. 14.00-18.00 Kjølsdalen Kjølsdalen Montessori skule kl. 14.00-18.00 Stårheim Stårheim skule kl. 14.00-18.00 Haugen Haugen skule kl. 14.00-18.00 Nordfjordeid Eid idrettshus kl. 10.00-19.00 Hjelle Hjelle skule kl. 14.00-18.00 Du må ta med legitimasjonDet einaste du treng å ta med når du skal røyste er legitimasjon. Det er ikkje nok å oppgi namn og fødselsdato. Sjå kva som krevst av ein godkjend legitimasjon.Slik røystar duTa den røysteseddelen du vil bruke.Brett røysteseddelen med partinamnet inn og feltet for stempling ut - då kan ingen sjå kva du har røysta.Det skal ikkje brukast konvolutt eller anna omslag rundt røysteseddelen.Gå til ein valfunksjonær, og få stempel på utsida av røysteseddelen. Dette er viktig for at røysteseddelen skal bli godkjend.Legg røysteseddelen i valurna. Publisert 26.05.2025 15.23 Sist endra 26.05.2025 15.28