I kommuneplanen sin samfunnsdel skal kommunen ta stilling til langsiktige utfordringar og setje mål og strategiar for å utvikle kommunen i heilskap, som samfunn og organisasjon.
Kommuneplanen sin samfunnsdel
Kunnskapsgrunnlaget Status og utviklingstrekk for Stad kommune 2019 ligg til grunn for kommuneplanen sin samfunnsdel. I kunnskapsgrunnlaget er det lagt til grunn at: «Krav til oversikt over helsetilstand og påverknadsfaktorar i kommunen er dekka i dette dokumentet, jf. folkehelselova § 5.».
Status- og utviklingstrekk 2019
I samfunnsdelen har Stad kommune lagt vekt på kva vi vil oppnå. I planen er det difor lagt vekt på den overordna effekten av fleire tiltak, framfor konkrete tiltak. Dess lenger ned i plansystemet vi kjem dess meir konkrete tiltak vil komme til syne. Som overordna styringsdokument vil det vere hensiktsmessig å utforme planen med overordna mål og strategiar som skal fungere som styringsverktøy for organisasjonen si verksemd – både i samfunnet og i organisasjonen.
Medverknad
I høyringsperioden var det arrangert ulike opplegg for å legge til rette for at innbyggarane skulle bli kjent med forslaget til ny samfunnsplan og kunne delta med sine meiningar om framtidig utvikling av Stad.
Informasjonsmagasin:
I juli fekk alle husstandar i kommunen tilsendt eit informasjonsmagasin der mellom anna hovudtrekka i samfunnsplanen vart presentert. ·
«Tour the Stad sommaren 2020»:
I juni/juli reiste ordførar og varaordførar rundt i kommunen og snakka med folk mellom anna om utviklingsretninga for Stad vidare framover.
Informasjonsmøte: I august arrangerte Stad kommune fire informasjonsmøte på ulike stadar i kommunen; Bryggja, Selje, Leikanger og Nordfjordeid.
Her kan du sjå saksframlegg.