MELDING

Infoside om korona 

Information about corona in other languages

 

helsenorge.no  folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).
 

Info om vaksine og timebestilling 

Informasjon om KORONATESTING

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Vaksenopplæring i Stad kommune

Vaksenopplæring i Stad kommune

Stad vaksenopplæringa tilbyr grunnskuleopplæring for vaksne innbyggjarar i Stad kommune som treng denne opplæringa. I tillegg har skulen ansvar for opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Vaksenopplæringa er bygt på intensjonane i opplæringslova, introduksjonslova og etter- og vidareutdanningsreforma.

Stad vaksenopplæring har tre avdelingar. Største eininga er på LA-bygget der det vert undervist i  norsk og samfunnskunnskap etter introduksjonslova, og grunnskule for vaksne.

Skulen sitt slagord og visjon er "LÆRING for LIVET"

Stad vaksenopplæring er Stad kommune sitt kompetansesenter for norskopplæring og grunnskule for vaksne.

Målgruppe

Vi har i dag rundt 60 elevar ved skulen i alderen 16 til 58 år. Elevgruppa består av:

  • Innvandrarar i introduksjonsprogram

  • Innvandrarar som tek grunnskuleutdanning
  • Einslege mindreårige som har fått opphald i Stad kommune
  • Arbeidsinnvandrarar og ektefeller frå andre land
  • Elevar med særskilde behov for opplæring. Elevtalet varierer litt frå månad til månad.
     

Tilbod og nivå

Elevane ved skulen er per august 2020 fordelte slik:

  • Nybyrjargruppe (nivå A1) i norsk LA-bygget
  •  Nybyrjargruppe (nivå A1) i norsk i Selje
  • Norskgruppe for dei som kan litt norsk, (nivå A2-B1)
  • Grunnskule for vaksne ved LA-bygget med faga norsk, matematikk, engelsk, samfunnsfag og naturfag. 
  •  Grunnskule for vaksne i Selje med faga norsk, matematikk, engelsk, samfunnsfag og naturfag. 
  • Grunnskuleundervisning i kombinasjonsklasse. Tilbodet er eit samarbeid med Eid vidaregåande skule. Elevane får undervisning på 9. og 10.klasse nivå i faga norsk, matematikk, engelsk, samfunnsfag og naturfag.

Grunnskuletilbod

Elevar opp til 16 år er i grunnskule-alder og har rett og plikt til grunnskule.  Dei som er 18 år og eldre vert etter opplæringslova rekna som vaksne. Når dei er over 16 år kan dei ha rett til vidaregåande skule, dersom dei har fullført tilsvarande 9 eller 10-årig grunnskule frå  heimlandet sitt. Dersom dei ikkje har fullført 9-årig grunnskule frå heimlandet sitt, har dei rett på grunnskuleopplæring for vaksne viss dei treng dette.

Skuleåret 2020/2021 samarbeider Stad Vaksenopplæring med Eid  vidaregåande skule om eit opplæringstilbod som heiter Kombinasjonsklasse. Denne klassen er lokalisert på Eid vidaregåande skule og er eit spleiselag mellom Vestland fylkeskommune og Stad kommune, og i denne klassen går det elevar frå Måløy, Bremanger, Selje og Eid.