Dagaktivitetstilbod for heimebuande personar med demens

Dagtilbod for heimebuande personar med demens skal bidra til ein meiningsfull kvardag med aktivisering og sosialt samvær, og vere ei støtte for pårørande.

Dagtilbodet ynskjer å bidra til auka livskvalitet gjennom fokus på sosialt samvær og ulike aktivitetar.

Kven kan få tilbodet

  • Må vere heimebuande
  • Må ha fått eller er under utgreiing for ein demensdiagnose
  • Må ha behov for rettleiing/trening/aktivisering og vedlikehald av ferdigheiter
  • Pårørande har særleg tyngande omsorgsarbeid

For utfyllande informasjon om tilbodet sjå Stad kommune sin tenestestandard.

Søknad

I søknaden skriv du kva du treng hjelp til. Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden, må du fylle ut ei skriftleg fullmakt og legge ved. Du brukar felles søknadsskjema om helse- og omsorgstenester i Stad kommune. Det er ikkje søknadsfrist. Søknadene vert behandla fortløpande.

Søk om helse- og omsorgstenester

Prisar

Pris for dagtilbod vert fastsett av kommunestyret årleg.

Betalingssatsar i Stad kommune (PDF, 737 kB)

Behandling av søknad

Søknad om dagtilbod vert behandla av tildelingsteamet i Stad kommune. Søknad vert vurdert med grunnlag i gjennomført kartlegging og funksjonsvurdering (IPLOS). Vi behandlar søknaden så raskt som mogleg. Dersom du ikkje får svar innan ein månad, skal du ha fått melding om årsaka til det. Du får tilsendt eit grunngjeve vedtak.

Du kan klage på vedtak om helse- og omsorgstenester innan fire veker etter at du mottok vedtaket. Forklar kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Send klagen til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

Har du spørsmål?

Dersom du har spørsmål om søknaden din kan du ta kontakt med kontaktpersonar i Stad kommune. 

Lover og forskrifter

Helse- og omsorgstjenesteloven

Kontakt

Heidi Munch Starheim
Einingsleiar Hogatunet
E-post
Mobil 48 04 52 10
Annette Hovden
Einingsleiar Heimetenesta
E-post
Mobil 45 47 84 72