Fysioterapi for barn og unge

Fysioterapeut og ergoterapeut arbeider for å ivareta barn og unge og medverke til tiltak som fremjar aktivitet, deltaking og likeverd. Fysioterapeutane samarbeider med helsestasjon, fastlege, barnehage, skule, spesialisthelsetenesta og andre.

Kva kan du få hjelp med?

  • Undersøking og vurdering av behov for trening og aktivisering
  • Undersøking og vurdering av behov for vidare utgreiing
  • Tilpassa behandlings- og stimuleringstiltak for barn og unge som har eller står i fare for å utvikle funksjonsproblem
  • Tiltak der barnet er, som til dømes barnehage og skule, der dette er mogleg

Kven kan få tenesta?

Føresette, helsestasjonen, barnehagar, skular og andre kan ta kontakt for å få råd og rettleiing om fysioterapi for barn og unge under 16 år. Det er ikkje nødvendig med tilvisning frå lege for å få time.

Prisar

Det er eigendel for undersøking og behandling hos fysioterapeut. Det gjeld både kommunalt tilsette fysioterapeutar og fysioterapeutar med kommunalt driftstilskot. Det gjeld òg fysioterapi i heimen. Personar som bur i omsorgsbustad, skal betale eigendel for fysikalsk behandling.

Det er fritak frå eigendel for barn under 16 år.

Har du spørsmål?

Dersom du har spørsmål om fysioterapi for barn og unge, kan du ta kontakt med fysioterapeut i eining for helse.

Kontakt

Berit Heien Heggen
Fagleiar fysio-og ergoterapi
E-post
Telefon 95 07 94 28
Emilie Nyheim
Fysioterapeut område Selje og Bryggja
E-post
Telefon 90 19 04 04