Fysioterapi for vaksneFysioterapeutane tilbyr undersøking og tiltak til deg som har utfordringar med bevegelse og aktivitet. Dei arbeider saman med deg for å finne tiltak og gode løysingar. Målet er å redusere risikofaktorar som kan føre til nedsett helse. Dette kan du få hjelp til Vurdering og opptrening av fysisk funksjonsnivå Vurdering, tilpassing og oppfølging av tekniske hjelpemiddel Rehabilitering av vaksne og eldre – heime og på institusjon Rettleiing av brukarar, pårørande og anna helsepersonell Kven kan få tenesta? Det er ikkje nødvendig med tilvising for å få hjelp. Du kan ta direkte kontakt med fysioterapeut per telefon. Prisar Det er eigendel for undersøking og behandling hos fysioterapeut. Det gjeld både kommunalt tilsette fysioterapeutar og fysioterapeutar med kommunalt driftstilskot. Det gjeld òg fysioterapi i heimen. Personar som bur i omsorgsbustad, skal betale eigendel for fysikalsk behandling. Det er fritak frå eigendel for barn under 16 år, personar med godkjent yrkesskade og for pasientar som er på institusjon. Eigendelar for fysioterapi gjeld i frikort for eigendelskort 2. Grensa for frikort er om lag 2000 kroner. Frikort frå Helfo kjem i posten når den øvre grensa for betaling er nådd. Rekning for fysikalsk behandling kjem i etterkant av behandlinga. Informasjon om eigendel for fysioterapi Har du spørsmål? Har du spørsmål om fysioterapi for vaksne, kan du kontakte fagleiar for fysio- og ergoterapi i Stad kommune eller ein av dei andre fysioterapeutane. Publisert 04.11.2019 21.50 Sist endra 21.06.2022 15.24