Brukarstyrt personleg assistent (BPA)

Brukarstyrt personleg assistent (BPA) er ein måte å organisere praktisk bistand og opplæring på for personar med langvarig og stort behov for personleg assistanse.

Om ordninga

  • Søkjar må vere under 67 år og busett i Stad kommune
  • Søkjar må ha behov for bistand mellom 25-32 timar per veke over minst 2 år
  • Når praktisk bistand og opplæring vert organisert som BPA, er det brukaren sjølv, eventuelt med bistand, som organiserer og leier arbeidet som assistentane utfører.

Søknad

Du nyttar felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester i Stad kommune. Du må grunngje søknaden din.

Søk om helse- og omsorgstenester

Søknad om helse- og omsorgstenester papirutgåve (PDF, 135 kB)

Søknadsbehandling

Det er tildelingsteamet i Stad kommune som behandlar søknaden din. Søknaden vert vurdert med grunnlag i heimebesøk frå heimetenesta, samtaler og funksjonsvurdering (IPLOS). Du skal få svar på søknaden innan tre veker. dersom det ikkje er mogleg å gi eit svar innan tida skal du få beskjed om det.

Kommunen kan avslå søknad om BPA om ein kan dokumentere at BPA-organisering vil vere vesentleg dyrare samanlikna med dei ressursane kommunen elles ville brukt på tenestetilbodet til deg.

Du kan klage på vedtak om helse- og omsorgstenester innan fire veker etter at du mottok brevet. Du må skrive kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Klagen kan du sende til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

Kontakt

Dersom du har spørsmål om søknaden kan du ta kontakt med heimetenesta i det området du bur. 

Les meir om ordninga her

Lover og forskrifter

Pasient- og brukerrettighetsloven

Kontakt

Ingrid Hjelmeland
Assisterande einingsleiar heimetenesta
E-post
Telefon 97 53 02 65

Ansvarleg for sakshandsamingsteamet i kommunen 

Annette Hovden
Einingsleiar Heimetenesta
E-post
Mobil 45 47 84 72