Digital heimeoppfølging

Digital heimeoppfølging (DHO) vart tidlegare kalla medisinsk avstandsoppfølging. Digital heimeoppfølging er teknologi som gjere at du kan følgast opp heime av helse- og omsorgstenesta. Stad kommune deltok frå 2018-2021 i eit prosjekt der vi saman med 5 andre små og store kommuner var med i ei utprøving av digital heimeoppfølging. Utprøvinga er i regi av nasjonalt velferdsteknologiprogram.

Helsedirektoratet si evaluering av prosjektet (2018-2021) viser at DHO gjere at kronisk sjuke personar opplever auka tryggleik og meistring, betre helse og livskvalitet og har ein meir stabil helsetilstand. Forskinga viser òg at når personar som er fulgt opp med DHO i 12 månadar, er det færre som treng helsetenester i heimen samanlikna med kontrollgruppa i forskinga. 

I dag er digital heimeoppfølging ein del av helse- og omsorgstenesta. Digital heimeoppfølging kan vere nyttig for ulike brukargrupper, etter den enkelte sitt behov. Målgruppa for digital heimeoppfølging er personar som er kronisk sjuke eller personar som har eit behov for tett oppfølging grunna sin helsetilstand. For og få tilbod om digital heimeoppfølging må du vere vaksen og ha fastlege i Stad kommune. Du treng rettleiing om korleis du sjølv kan følgje opp sjukdomen din. Det kan òg passe for deg som har eit generelt behov for helse- og omsorgstenester.

Kva er digital heimeoppfølging?

Digital heimeoppfølging er bruk av teknologiske løysingar som gjere at du kan følgjast opp av helse- og omsorgstenesta heime. Du gjere avtalte målingar i eigen heim og svarar på spørsmål om din helsetilstand via nett. Resultata overførast til ei oppfølgingsteneste, som tar kontakt med deg ved teikn til forverring eller dersom målingane er utanfor normalverdiane. Du får opplæring i bruk av teknologien. Naudsynt teknologi vert lånt ut av kommunen ved behov. Målet med oppfølginga er å skape trygge rammer der ein kan oppdage endringar i helsetilstanden din tidleg, samstundes som at vi arbeidar helsefremjande og førebyggjande kring fysisk- og psykisk helse. Det kan vere til dømes oppfølging for deg som har; KOLS, hjartesvikt, diabetes, kreft, ernæringsproblematikk, utfordringar knytt til aktivitet og/eller psykisk helse.

Digital heimeoppfølging er ikkje ei akutt teneste og du må sjølv kontakte fastlege eller legevakt ved akutt sjukdom/forverring av helsetilstanden din.

 

Kontakt

Hilde Barmen
Rådgjevar velferdteknologi
E-post
Telefon 90 15 49 95