Influensa- og koronavaksinasjon hausten 2024

Vaksinering for alle over 65 år og dei andre risikogruppene vil bli gjennomført i slutten av oktober.
Det vil bli tilbod om både influensavaksine og koronavaksine desse dagane.

Korona og influensavaksine kan takast samtidig.

Alle over 65 år bør ta begge vaksinane. Vaksne som er kronisk sjuke, har alvorleg fedme eller er gravide bør også ta vaksinane.

Sjå meir utfyllande vaksineinformasjon på Helsenorge sine nettsider

Vaksinasjonsdagar for risikogruppene 

Selje skule (gymsalen):

  • Torsdag 24. oktober kl 16.00-19.00 - for personar fødde i månadane januar til juni
  • Torsdag 31. oktober kl 16.00-19.00 - for personar fødde i månadane juli til desember

Eid Idrettshus:

  • Tysdag 22. oktober kl 09.00-14.30 - for personar fødde i månadane januar til juni
  • Torsdag 31. oktober kl 09.00-14.30 - for personar fødde i månadane juli til desember 

Drop-in vaksinasjon begge stadar (ikkje timebestilling).

I år kostar influensavaksinasjon for risikogruppene kr. 250,- . Betaling med bankkort eller Vipps. Koronavaksinasjon er gratis.

 

Artikkelliste