MELDING

INFO korona nasjonalt  

helsenorge.no  folkehelseinstituttet.no 

Nasjonal infotelefon om korona: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).

INFO korona Stad kommune Information about corona in other languages
Stad kommune følgjer nasjonale råd og tiltak innført 3.12

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern: e-post korona@stad.kommune.no

 

Ein ny person er sett i isolasjon i Stad kommune etter påvist smitte med covid-19

Ein ny person er sett i isolasjon i Stad kommune etter påvist smitte med covid-19

Torsdag kveld synte resultat frå testing gjort i Selje tysdag at ein ny person har testa positivt for covid-19. Personen var allereie i karantene som nærkontakt til ein tidlegare smitta i same husstand. Det er ingen nye nærkontaktar og smittesporinga er avslutta.

Vi oppmodar alle innbyggjarar om å følgje einmetersregelen nøye, ha god handhygiene og ha lav terskel for å teste seg og halde seg heime ved teikn til sjukdom. Vi minner om at også vaksinerte personar bør teste seg ved symptom.