Status for covid-19-smitte

Oppdatert info om smitte i Stad kommune pr 10. desember 2021.

Torsdag og fredag er det ikkje funne nye smittetilfelle med smitterisiko inn i skulemiljøet ved Nordfjordeid skule. Det er heller ikkje påvist nye smittetilfelle ved Hogatunet bu- og behandlingssenter.

Det er elles påvist nokre tilfelle av vidare smitte innanfor husstandar og nokre frittståande smittetilfelle kopla til smitte utanfor kommunen. Dette er som forventa. Desse vert følgt opp på vanleg måte med testing og varsling av nærkontaktar.