Kva omfattar ordninga?
Følgjekortet gjeld for tilgjenge til dei aktivitetar, bygg, transportmiddel osv. som aksepterer ordninga. Eigar av følgjekortet må sjølv betale, der følgjeperson får gratis tilgjenge til kultur- og fritidsarrangement og transportmiddel som personen med nedsett funksjonsevne ikkje ville ha kunne delteke på utan følgjeperson. Ordninga er landsdekkande og kan brukast i dei kommunane som har vedteke ordninga.
Følgjekortet er personleg, og ein må velje om ein vil ha digitalt følgjekort eller ein laminert versjon. Ved innvilga søknad om digitalt følgjekort, vil du få følgjekortet på telefonen via appen Ledsagerbevis.no. Nye søkjarar får spørsmål om dei ynskjer digitalt eller laminert følgjekort. Om du har laminert følgjekort og ønskjer å skifte til digitalt, tek du kontakt med sakshandsamar i Stad kommune.
Retningsgjevande for å få innvilga søknad
- Søkjar har ei funksjonsnedsetting som er venta å vare i meir enn 2 år
- Søkjar kan ikkje delta på/ bruke kultur- og fritidsarrangement og offentlege transportmiddel utan følgjeperson
- Søkjar har bustadadresse i Stad kommune
Det er ingen øvre eller nedre aldersgrense på følgjekort. For barn under skulealder må det vere dokumentert at barnet har eit større behov for følgje enn det som hadde vore tilfelle dersom barnet ikkje hadde ei funksjonsnedsetting, og at det difor medfører ekstrautgifter, samanlikna med jamaldrande som deltek på same type aktivitetar. Det betyr at det er barn med eit særleg omfattande bistandsbehov som til vanleg vil kunne bli tildelt følgjekort heilt frå småbarnsalder av.
Søknad
Søknad om følgjekort sender du til Stad kommune. Det er ingen søknadsfrist. Eit nytt passfoto/ bilete må leverast saman med søknaden. Om det er første gang det vert søkt om følgjekort, skal ei uttale frå t.d. fastlege eller andre i kommunen si helse- og omsorgsteneste leggast ved.
Søk om følgjekort
Send søknad i papirversjon (DOCX, 24 kB)
Om du ikkje får levert søknaden digitalt kan du laste ned søknadsskjema, fylle ut, printe og sende pr. post ev. levere på rådhuset.
Søknadsbehandling
Kommunen fattar vedtak om å innvilge eller avslå søknad om følgjekort i tråd med Veiledende nasjonale retningslinjer.
Vedtak om følgjekort er eit enkeltvedtak, jf. forvaltningsloven. Kommunen skal behandle søknaden så snart som mogleg, og innan fire veker. Eventuell klage på vedtaket sendast til Stad kommune innan tre veker frå motteke svar på søknad om følgjekort.
Har du spørsmål?
Har du spørsmål knytt til søknaden din kan du kontakte sakshandsamar.