Informasjon om bustadverdi

Eigedomsskattetakst med grunnlag i bustadverdi frå skatteetaten

Gjeld ikkje for bustadhus/våningshus på landbrukseigedomar, fritidsbustader og kombinasjonsbygg

Det er kommunen som har ansvar for utskriving av eigedomsskatt. Meir informasjon kan du finne på www.skatteetaten.no

Stad kommune skriv ut eigedomsskatt blant anna på bustadeigedomar.

For bustader har kommunestyret vedteke å bruke Skatteetatens berekna marknadsverdiar for bustader som utgangspunkt for utrekning av eigedomsskatten. Berekna marknadsverdi vil enten utgjere en verdi basert på statistikk fra SSB (bustadverdi) eller en verdi basert på dokumentert faktisk marknadsverdi (i de tilfella der eigar av eigedommen har kravd formuesverdien nedsett). Berekna marknadsverdi er den verdien som er lagt til grunn ved skattefastsetjinga.

Utrekning av eigedomsskatt

Eigedomsskatt som utskrivas i 2024 byggjer på berekna marknadsverdiar frå skattefastsetjinga av inntektsåret 2022.

Kommunane skal ved eigedomsskatteutskriving i 2024 redusere berekna marknadsverdi frå inntektsåret 2022 ved å multiplisere den med  0,7. Eigedomsskattesatsen i kommunen er 3,5 promille i 2024.

Eksempel på utrekning (2023):

Skatteetatens berekna marknadsverdi (bustadverdi) for aktuelle eigedom i 2022 er 2 millionar kroner.

2 millionar x 0,7 gjer justert bustadverdi: kr 1.400 000

Skattegrunnlag: kr 1.400 000

Promille: 3,5

Utregna eigedomsskatt: kr 4.900

Kvar finn ein bustadverdien?

Bustadverdien finn ein i skattemeldinga for 2021. Det er bustadverdien som er grunnlag for formuesverdien (likningsverdi) på bustaden. Her finn ein opplysningar om byggjeår, areal og bustadtype.

 

Bustadverdi

 

 

Klage/Endring av grunnlag for eigedomsskatt

Meiner du at den berekna marknadsverdien for bustaden er berekna på bakgrunn av feil opplysningar (P-rom, byggje år mv.) eller er formuesverdien for bustaden i skattemeldinga di for 2022 for høg i forhold til reell marknadsverdi, skal du for eigedomsskatt utskrive i 2024 sjølv endre grunnlaget ved å sende inn endringsmelding for inntektsåret 2022 til Skatteetaten.

Tilgangen til å endre skattemeldinga sjølv gjeld i tre år etter fristen for levering av skattemeldinga for det inntektsåret du ønskjer å endre, det vil sei normalt innan 30. april 2026 for skattemeldinga 2023. Dei endringane du eventuelt gjør, kan være gjenstand for kontroll hos skattemyndighetene. Du vil i så fall få eige varsel om dette.