Produksjonstilskot

Føremålet med produksjonstilskot er "å bidra til eit aktivt og bærekraftig jordbruk innanfor dei målsetjingar Stortinget har sett". Tilskotet bereknast med ein sats pr. dyr eller dekar areal.

 

Produksjonstilskot omfattar:

  • Arealtilskot
  • Kulturlandskapstilskot
  • Tilskot til husdyr
  • Tilskot til dyr på beite
  • Tilskot til dyr på utmarksbeite
  • Driftstilskot til melkeproduksjon
  • Driftstilskot til spesialisert storfekjøttproduksjon
  • Tilskot til små og mellomstore melkebruk
  • Tilskot til bevaringsverdige husdyrraser
  • Arealtilskot til økologisk landbruk
  • Tilskot til økologisk husdyrproduksjon
  • Distrikts- og kvalitetstilskot til frukt, bær og veksthusgrønnsaker

Alt du treng å vite om produksjonstilskot finn du på Landbruksdirektoratet si nettside.

Det er foretak som kan søkje om produksjonstilskot og tilskudd til avløsning ved ferie og fritid. For å vere berettiget tilskudd må foretaket fylle visse vilkår:

  • vere registrert i Einingsregisteret i Brønnøysund innan søknadsfristen (dvs. ha organisasjonsnummer)
  • drive vanleg jordbruksproduksjon på ein eller fleire landbrukseigedomar
  • disponere dei dyra og dei areal det vert søkt tilskot for.

Foretaket må ikkje ha eit for tett samarbeid med andre foretak som søkjer tilskot til same produksjon (driftsfellesskap).

Ein person kan ikkje vere medeigar i meir enn eit føretak som søkjer tilskot til husdyr (med unntak for samdrifter i melkeproduksjon), og meir enn eit føretak som søkjer tilskot til same vekstgruppe.