Spesielle miljøtiltak i jordbruket og tiltak i beiteområde

Føremålet for Stad kommune vil vere å fremje natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet i jordbruket og redusere forureininga ut over det ein kan vente gjennom vanleg jordbruksdrift og stimulere til auka bruk av utmark. 

SMIL-midlane og tiltak i beiteområde vert forvalta ut frå strategiplan, vedteken av kommunestyret.
Sjå strategiplan for Stad kommune (PDF, 391 kB)

Kven kan søkje
 

SMIL :
Det kan gjevast tilskot til føretak som  driv og/eller eig ein landbrukseigedom. På leigejord må det føreligge løyve frå eigar av eigedomen. 
Eigar av landbrukseigdomen utan føretak kan tildelast tilskot, dersom det føregår ein produksjon på eigedomen som har rett på tilskot.

TILTAK I BEITEOMRÅDE :
Beitelag, grunneigarlag, radiobjøllelag m.fl. som er registrert i einingsregisteret, som driv næringsmessig beitedrift som set i gong investeringstiltak og/eller planleggings-og tilretteleggingsprosjekt i beiteområde kan søkje. Andre på visse vilkår.


Søknadsfrist 1. mars for begge ordningane

Tilskot kan gå til 

  1. Forureiningstiltak
  2. Kulturlandskap 
  3. Planleggingstiltak- områdetiltak/planleggingstiltak
  4. Investeringstiltak for organisert beitebruk

Satsar i høve SMIL tilskog og OBB

  • Manuelt eige arbeid m/motorsag kr 350,-
  • Timepris traktor/gravemaskin kr 800,-
  • Oppsetting av gjerde/arbeid/material kr 130,-
  • Innsamling av piggtråd kr 4,- pr meter, levert til godkjendt mottak (her må det vere registrert antal meter eller kilo)
  • Nedtaking av gamalt gjerde kr 50,- pr meter

Søknad
Søknadsskjema finn du her  :

Tilskot SMIL midlar 

Tilskot til tiltak i beiteområde 


Felles for begge ordningane

  • Søknad om midlar skal gjerast digitalt i Agros i Altinn. 
  • Søknaden skal innehalde omtale av tiltaket med spesifisert kostnadsoverslag.
  • Tiltaket skal visast på kart i høveleg målestokk.
  • For bygningsprosjekt skal det fylgje med målsette teikningar.
  • Det skal fylgje med foto av tiltaket/området, før iverksetting.

For tiltak i beiteområde i Landskapsvernområde må løyve frå verneområdeforvaltar eller verneområdestyre leggast ved.


Kontaktpersonar i kommunen
Bernt Reed, tlf 979 91 052
Åse Marie Ravnestad, tlf 979 91 051