Leigekøyring (ervervsløyve) med snøskuter i utmark i Stad kommune 2023-2028

Leigekøyring (ervervskøyring) kan nyttast for køyring som har heimel i forskrifta § 3. Dette inkluderer til dømes transport til bygging i samsvar med byggeløyve og oppkøyring av skiløyper. 

Leig skutertransport

Har du behov for transport utover det som er lov utan søknad - kan du ta kontakt med ein av leigekøyrarane som har gyldig løyve i kommunen. 

Leigekøyrar i Stad kommune

  • Endre Hjelle (Hjellefjellet): Tlf 970 98 965
  • Ole Morten Erviksæter (Erviksdalen, Mosehaugane, Haus og Kjølsdalen): Tlf 414 48 266
  • Thomas Bjørhovde Strand (Haugen krins, heile kommunen): Tlf 412 07 859

Eiga køyring? Dersom du søkjer om eiga køyring må du gjere greie for kvifor ervervskøyrar ikkje vert nytta.

Moglegheit for å søkje om løyve til ervervskøyring i nye områder fram for perioden fram til 30. april 2028

Stad kommune lyste ut løyve til leigekøyring (ervervsløyve) i 2023. Dei tre ovanståande sjåførane fekk innvilga eit slikt løyve. Ordninga var sett opp for perioden 2023-2028. 

Ervervskøyring kan nyttast for køyring som har heimel i forskrifta § 3. Dette inkluderer til dømes transport til bygging i samsvar med byggeløyve og oppkøyring av skiløyper. 

Ut over det som allereie er tillate etter § 3 i forskrifta kan følgande føremål føretakast av ervervskøyring, jamfør § 5 første ledd bokstav a i forskrifta:

  • Transport mellom bilveg og hytte
  • Tilsyn med privat hytte etter oppdrag frå eigar
  • Transport for massemedia på reportasjeoppdrag
  • Transport av menneske med nedsett funksjonsevne
  • Transport av ved
  • Transport etter dispensasjon i medhald av nasjonal forskrift § 6 om unntakstilfelle (transport etter denne paragrafen treng avklaring frå kommunen)


Løyvet kan ikkje nyttast til tur- eller rekreasjonskøyring.

Dei som får løyve vil kunne køyre i heile Stad kommune, men søkjarar knytt til Stårheimsdalen, Heggjadalen og Holmøyane/Sætrefjellet blir prioritert. Det vil og vere mogleg å køyre i verneområda, men her må det føreligge ein separat dispensasjon frå vernemyndigheita. Om kommunen ser behov for det, kan kvart løyve snevrast inn til bestemte dekningsområde i kommunen.   

Det vil føreligge ei rekke vilkår til køyringa, blant anna så skal lokalt naturoppsyn (SNO) informerast om kvar tur og det må alltid innhentast løyve frå aktuell/e grunneigar/ar før køyring.

Det vert lagt opp til inntil seks løyve til leigekøyring i Stad kommune, og tre av desse er allereie fylt. Fleire sjåførar kan nytte same løyve, men då må namn på alle sjåførar gå fram av søknaden. Søkjar vil stå som hovudansvarleg med ansvaret for at vilkåra i løyvet følgast. 

Lag og organisasjonar kan søkje med ansvarleg person.  Søkjarar som er busett i Stad, og som allereie har snøskuter brukt i næring, vil bli prioritert. Det vert òg lagt vekt på den næringsmessige betydinga for søkjaren. Personar som har hatt slikt løyve tidlegare, og nytta det lovleg, vil bli prioritert framfor nye søkjarar. Alt dette må gå fram av søknaden. 

Send søknad

Artikkelliste