Klimaplan for Stad kommune

Kommunestyret vedtok 16.06.2022 at det skal utarbeidast ein kommunedelplan for klima for Stad kommune. Arbeidet vil bli starta opp i 2023.

KS- 22/091 Vedtak:

  1. Stad kommune skal jobbe strategisk for å nå klimamåla, kor arbeid med ny klimaplan og oppfølging av det årlege klimabudsjettet står sentralt for å nå måla.
  2. Det skal utarbeidast ein kommunedelplan for klima. Arbeidet skal følgje framdriftsplanen slik det går fram av vedlegg 1.
  3. Dei årlege aktivitetane relatert til kommunen sitt klimabudsjett og klimarekneskap skal følgje årshjulet slik det kjem fram av vedlegg 2. Årshjulet skal vere med å sikre ei langsiktig oppfølging av klimaarbeidet, og reviderast ved behov.

 

Les saka og vedlegga her: 

22/2634 - Strategi for klimaarbeid i Stad kommune