Frå ide til handling - korleis gjennomføre ein løysingsverkstad?

Lyst til å lære meir om korleis løyse problem og utvikle unge sine idear i ein løysingsverkstad? Les om korleis Stad ungdomsråd har jobba med innovasjon og utfordra andre ungdom til å skape nye løysingar!

I haust 2023 gjennomførte konsulentselskapet Tinkr  eit kompetansehevingsprogram med fokus på innovasjon for Stad ungdomsråd. Hovudmålet var å bli kjent med verktøy for å realisere eigne idear og skape nye løysingar.  I tillegg fekk Tinkr oppdraget å utvikle ressursmaterial som kan nyttast i ungdomsrådet vidare og spreiast til andre ungdomsrådet nasjonalt.  

I starten av programmet lærte ungdomsrådet om innovasjon og korleis ein kan bruke innovasjon.

Ved å planlegge og gjennomføre ein løysingsverkstad for ungdom lærte ungdomsrådet mellom anna om:

  • Prosessleiing
  • Fasilitering av kreative prosesser
    • definere, utforske og forstå problemstillingar
    • utvikle idear og utforme konsept
    • teste og lage prototypar
    • presentere resultat

 

Under Stad kommune sin klimakonferansen for ungdom i november 2023 fekk ungdomsrådet gjennomføre sin eigen løysingsverkstad. Her utfordra dei andre ungdom til å tenkje nytt og kreativ for å løyse globale utfordringar og leda dei gjennom dei ulike prosesstegene. 

Ungdomsrådet valte å fokusere på desse 4 utfordringane.

  • Manglande transportalternativar i kommunen
  • Matsvinn i hushaldningar
  • Overkonsum av fast-fashion klær
  • Forsøpling på land og hav

Ungdommane jobba med å forstå og dyppdykk i problemstillingane, og vidare med å utvikle idear som kan løyse problemet. Til slutt tegna eller bygga dei enkle prototypar av ideen og presenterte forslagane på ein poster. 

Nysgjerrig på å gjennomføre din eigen løysingsverkstad for ungdom?

Her finn du alt informasjon du treng:

Rettleingshåndbok (PDF, 5 MB)

Sjølvforklarande kurs (PPTX, 47 MB)

Ekstra material og ressursar finn du på TinkrTools

Lykke til med å skape nye løysinger med og for ungdom!