Pris og betaling

Stad kommune nyttar maksimalsatsar for foreldrebetaling. Satsane er statleg regulert. Ein heiltids barnehageplass kostar kr 3.000 per månad. Har du fleire barn i barnehagen eller lav inntekt kan du få ein lavare pris.

For heiltidsplass betalar du for elleve månedar i året. Du betalar frå den månaden barnet ditt startar i barnehagen. Juli månad er betalingsfri.

Prisar for barnehageplass pr 01.01.2024
Barnehageplass 01.01.2024
100 % plass kr 3.000 (kr 1.500 frå 01.08.24)
80 % plass kr 2.400
60 % plass kr 1.800
Ekstra dagar utover avtalt opphaldstid kr 320
Matpengar/ ekstra måltid (100% plass) kr 370
Matpengar/ ekstra måltid 80 % plass kr 296
Matpengar 60 % plass kr 222
30% søskenmoderasjon for søsken nr 2 og gratis barnehageplass frå og med søsken nr 3.

Har du låg inntekt kan du få lågare pris

Familiar som samla tente mindre enn 550 000 kroner i fjor har rett på å betale mindre for barnehageplass, og ikkje meir enn seks prosent av samla årsinntekt for barnehagetilbodet.
(Jamfør regelverket Udir)

Vi behandlar søknadar gjennom heile året, men hovudsøknadsfristen er 1. juli. Har du barn i privat barnehage skal du bruke det same søknadsskjemaet for lågare foreldrebetaling som for kommunale barnehagar.
 

Her finn du brukarveiledning korleis du søkjer om lågare foreldrebetaling

  • Får du søknaden om lågare pris godkjent gjeld det for eitt barnehageår om gongen. Du må derfor søke på nytt kvart barnehageår. 
  • Får du søknaden om lågare pris godkjent, gjeld det frå månaden etter du har sendt søknaden.
     

Gratis kjernetid for 2-, 3-, 4- og 5-åringar 

Alle 2-, 3-, 4- og 5-åringar som bur i husstandar med lav inntekt har rett til 20 timar gratis opphald pr. veke. Husstandar som har ei samla brutto inntekt under kr 615 590 kan søkje om dette (pr 01.08.2023). Alle som har rett til gratis kjernetid, har også rett til redusert foreldrebetaling.

Inntekter som skal reknast med

Foreldrebetalinga skal reknast ut frå husstanden si samla skattepliktige kapital- og personinntekt. Ein husstand kan vere ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar. Bur eit barn fast hos begge foreldra, skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta i husstanden der barnet er folkeregistrert.

Har du fleire barn i barnehage?

Dersom du har fleire barn i barnehage, gjeld søskenmoderasjon for dei andre barna etter gjeldande reglar.

Forskrift og vedtekter

Spørsmål om faktura og betaling for barnehageplass

Fagavdeling for skule og barnehage administrerar fakturarutinene for dei kommunale barnehagane.

Betalingsfrist er den 20. kvar månad. Hvis du ikkje har oppretta e-faktura eller avtalegiro, vert faktura sendt til adressa i folkeregisteret. Det er kundenummer som er e-faktura id, og kundenummeret står oppe til høgre på fakturaen. Dei private barnehagene har eigne fakturaordningar.

KID er påført alle fakturaer som vert sendt ut – også e-faktura, og det er viktig at dette er påført alle betalingar.

Innbetaling skal kun skje til kommunens konto 3720.18.44968. 

Spørsmål angående kommunal fakturering kan rettast til administrasjonen i si fagavdeling for skule og barnehage.

Kontakt

Anita Sørland Aase
Konsulent
E-post
Mobil 91 72 25 89
Karin Sandvik Stave
Konsulent
E-post
Mobil 97 99 04 41