Opningstid og kontaktinformasjonNormal opningstid for SFO er frå 07:30 til 16:30, men kan variere frå skule til skule. Den årlege ordinære opningstida følgjer skuleruta for grunnskulen. Meir informasjon om dette finn du på skulen si eiga side. Ved behov kan skulane ha tilbod om SFO i feriar. Dette tilbodet gjeld ei veke før skulestart i august og onsdag, torsdag og fredag både i haust- og vinterferien. Dette er eit tilbod som gjeld alle skule - jf nye vedtekter for SFO i Stad kommune SFO er open kl. 07.30 – 15.30 i feriar, men det må vere minst tre påmelde kvar dag Påmelding SFO veke 8 NB! Søknadsfrist for påmelding til SFO i veke 8 er 01.02.2021 Kontaktinformasjon til skulen Du finn kontaktinformasjon til din SFO på skulen si eiga nettside. Gå til skuleoversikt. Generelle spørsmål kan også rettast til fagavdeling for skule og barnehage ved Anita Sørland Aase og Karin Sandvik Stave. Tidsskjema For at kvar enkelt skule skal ha oversikt over når elevane kjem til SFO og når dei blir henta så må det fyllast ut eit tidsskjema for kvar enkelt elev. Dette skjemaet må fyllast ut når de har fått tilbod om plass og takka ja til plassen De finner tidskjemaet her Publisert29.10.2019 19.42 Sist endra13.01.2021 12.44