Informasjon om skulen

Visjon

Eid ungdomsskule ønskjer å vere ein skule der elevar og lærarar har eit godt arbeidsmiljø.

Elevar og lærarar bør ha lyst til å ta til på skuledagen, og gå heim med ei kjensle av at dei har fått brukt evnene sine til det beste for seg sjølv og andre.
Skulen skal tilføre elevane haldningar og kompetanse som kan vare livet ut, og legge fundamentet for ny dugleik som trengst i eit samfunn i rask endring.