Overvatn

Overvatn er vatn som renn av på overflata som følgje av regn og smeltevatn. Kombinasjonen av kraftig regn og fortetting er ei utfordring, då stor og hurtig avrenning kan skade bygninga, infrastruktur, helse og miljø.

Alle grunneiere eller aktører med ansvar for ei oppgave eller funksjon som påverkar eller vert påverka av overvatn, må forhalde seg til handtering av overvatn. Det inneber at alle i samfunnet har eit ansvar for overvatn; den enkelte, hushaldning, private verksemder og myndigheitene.

Kommunen, utbyggjarar og grunneigarar har eit felles ansvar for å handtere overvatn. Kommunen har det overordna ansvaret for ei berekraftig og heilskapleg planlegging og handtering av overvatn.

Alle grunneigarar har ansvar for å sikre eigen eigedom mot vatn på avveg og flaum. Dette gjeld for eksempel handtering av vatn frå tak, drensvatn og overvatn.

Overvatn på private eigedomar

Det er grunneigar som eig overvatn på eigen eigedom.

Eigarskapet kan vere både eit problem og ein ressurs. Oppsamling av regnvatn fungerer ypperleg til både hagevatning og bilvask!

Private grunneigarar har ansvar for eiga tomt, og for at handteringa av overvatnet ikkje fører til ulempe for andre.

Overvatn frå naboen si tomt

Vårt beste råd er å sette seg inn i partane sine rettar og snakke med naboen.

Dersom det er arbeid på naboeigedomen som er grunnen til at vatnet finn vegen inn til din eigdom, anbefalar vi deg å lese naboloven §2, som er ei privatrettsleg lov.

For naturlege elve- og bekkeløp står det i Lov om vassdrag og grunnvann: «Eieren av nedenfor liggende eiendom må finne seg i vatnets naturlige avløp over hans grunn.»

Overvatn frå vegar

Det er eigar eller den som har driftsansvar for vegen som har ansvar for at vatn renn dit det skal.

Offentlege vegar er eigd og vert drifta av kommune, Fylkeskommune eller Statens vegvesen.

Bekkar og bekkeinntak

Som oftast er det eigar av grunnen og røra som eig eit bekkeinntak. Den som eig bekkeinntaket har ansvar for vedlikehaldet. 

Sluk og kummar

Ansvar og eigarskap til sluk og kummar varierer mellom kommune, Statens vegvesen, fylke og private, avhengig av kvar dei er plasserte.

Kontakt

Oppstår det akutte hendingar knytt til overvatn og flaum, ta kontakt med Stad kommune sin vakttelefon for vatn og avløp