I Stad kommune rykka brannvesenet ut til fire bustadbrannar i fjor. Alle desse var einebustadar, i tillegg var det 3 brannhindranden tiltak på komfyr.
– Alle bustader og hytter skal ha røykvarslarar og du må ha minst éin varslar i kvar etasje. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er stengd, seier brannsjef i Stad kommune Geir Petter Hatlenes.
Røykvarslardagen er ei årleg landsomfattande kampanje og eit samarbeid mellom brann- og feiarvesenet, Det lokale eltilsyn, Norsk brannvernforening, Gjensidige og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.