43 ordførar på plass då det nye fylkeshuset opna 8. mars

Alle ordførarar i Vestland var tilstades då det nye fylkeshuset opna onsdag. Som ein del av opninga bygde ordførarane ein felles varde med kvar sin stein frå eiga kommune. 

Varden bygd av 43 steinar skal symbolisere at huset skal vere ein varde for det lokale og regionale demokratiet.

Tre personar sitt rundt ein steinvarde - Klikk for stort bilete

– Vestlandshuset og folket som arbeider her skal gi tenester til den viktigaste staden i livet til vestlendingen, nemleg der vi bur alle saman, frå sør til nord, sa fylkesordførar Jon Askeland til gjestane då det nye Vestlandshuset offisielt blei opna.

Fylkesordføraren seier Vestlandshuset skal vere ein medspelar, med dette meiner han eit Vestland som har engasjement, som utfordrar, og som er patriotisk på same tid, heiter det i ei pressemelding frå fylkeskommunen.

Han presiserte at ein ønskjer at dette bygget skal vere ei samlande ramme for det regionale demokratiet, for den politikken som skal ta fylket og folket frå notid til framtid.

– Dette er huset vårt, Vestlandshuset, velkomen heim, alle saman!, seier han.


 

Gunnar Silden, ordførar i Stad kommue, hadde med seg ein stor kvit stein frå fjøra mellom Skårbø og Årdal (midt i bilde), forma av havbåra som utretteleg slår mot land ute frå Stadhavet.

Her kan du lese om det nye fylkeshuset.