55 tilsette frå Stad kommune gjennomførar Velferdsteknologiens ABC

Foto: tilsette i Stad kommune

Velferdsteknologiens ABC er basisopplæring om velferdsteknologi og korleis ein kan ta dette i bruk, etikk og lovverk.

Kompetanse hos tilsette er viktig for å kunne tilby og ta i bruk velferdsteknologi i tenestene.

Velferdsteknologiens ABC består i eigenstudie, 6 gruppesamlingar med drøfting av pensum og to fellessamlingar. ABC `en går over 6 månader og vi vert ferdig til påske.

I haust vart det arrangert oppstartsamlingar for Velferdsteknologiens ABC der over 200 deltok på samlingar i Førde, Sogndal og Nordfjordeid. Endeleg kunne vi møtast til fysisk felles samlingar!

Stad kommune hadde ca 50 påmeldte til samling som var planlagt våren 2020. No deltek heile 55 tilsette frå ulike tenesteområder i Stad kommune. USHT er arrangør og ein kan lese meir her Oppstart Velferdsteknologiens ABC - Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester (ushtsognogfjordane.no)

To av deltakarane frå Stad kommune: Hilde Barmen og Marthe Stave

Deltakarane er tilsett på institusjon, strategi og samordning, heimetenesta, fysio- og ergoterapitenesta og Bu- og miljøtenesta. Deltakarar er frå Nordfjordeid, Bryggja, Selje, Stadlandet.