Stad

Nyhende

Nyhende

Det er ikkje påvist smitte med koronavirus i Stad kommune. Fire personar i Stad kommune har så langt blitt sett i heimekarantene og testa på grunn av mistanke om smitte med koronavirus (covid-19) etter reiser i område med vedvarande spreiing av viruset. Dei har hatt milde symptom på luftvegsinfeksjon. Alle prøver har vore negative og heimekarantener er oppheva.

Det er møte i utval for oppvekst og opplæring onsdag 11. mars kl 12. Her kan du sjå møteinnkallinga. Oppmøte kl 12: Selje skule, møte: Kommunehuset i Selje 2. etg.

Det er møte i utval for helse og omsorg onsdag 11. mars kl 9. Her kan du sjå møteinnkallinga. Møtestad: Bryggja omsorgssenter

Det er møte i utval for areal og eigedom tysdag 10. mars kl 9. Her kan du sjå møteinnkallinga. Oppmøte kl 9: Hjelle skule, møtestad: Nor vassverk.

Det er møte i utval for kultur, idrett, samfunn og næring tysdag 10. mars kl 9. Her kan du sjå møteinnkallinga. Møtestad: Selje, Kommunehuset 1. etg.

Stad kommune, Stad Vekst og Port of Nordfjordeid inviterer til møte Torsdag 12. mars kl 19.

 

 

 

 

Faktura for januar 2020 - Pleie og omsorg blir utfaktuerert seinast 10.03.2020 med forfall 31.03.2020.

Overordna retningslinjer for tilskot til skogvegbygging, drift med taubane, hest o.a. og skogkultur er grunnlaget for kommunens fordeling av tilskotsmidlar til skogbruk.

Planen er utarbeidd av landbruksavdeling for Gloppen og Stad kommune.

Det er møte i råd for menneske med nedsett funksjonsevne måndag 9. mars 2020 kl 9. Her kan du sjå møteinnkallinga. Møtestad: Nordfjordeid, rådhuset, kommunestyresalen 2. etg.

Det er møte i Stad eldreråd måndag 9. mars 2020 kl 10. Her kan du sjå møteinnkallinga. Møtestad: Nordfjordeid, rådhuset, kommunestyresalen 2. etg.